- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
34

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

34

HJAA HO MOR.

Eller um ho drap seg? Ja; det kunde vera ein
Utveg. Daa vilde Folk forstaa at ho hadde havt det vondt;
og daa vilde dei vera snilde mpt Borni. Ja kom det
kje Mat i Morgo, so —; ho kunde berre gaa ut paa
Isen og leggje seg der; det skulde ikkje vera noko
vondt aa snakke um ....

Ho arbeidde seg inn i slik ei Fælske at ho tok til
aa beda til Gud. Ho grét og ho bad, stridde med den
lünefengne Magti der uppe som i ei Vilske. Der laag
dei tri smaae og sov; dei var trygge; dei hadde Mor
si; men ho var likso hjelpelaus som dei, meir
hjelpelaus enn dei; so maatte daa ho faa Lov til aa stole
paa honom. Ho var ikkje verd Hjelp, det visste ho
nok; men det var kje for seg sjølv ho bad heller; og
det kunde daa ikkje vera rimelegt at dei smaae Borni
skulde lide for hennar Skuld; han maatte hjelpe; han
maatte! —

— Ho vart so trøytt og so ør i Hovude at ho
sist-paa mest ikkje sansa seg. Tennane skrangla i Munnen
paa henne av Kulde. Ho skubba seg inn-til Fanny og
lagde Augo att. So laag ho i ein vond sjuk Døs til
um Morgonen.

IV.

Det kom Hjelp. Guten til Proprietær Storm paa
Fredheim kom køyrande med eit heilt Lass med Mat og
Ved, og Fru Mühlberg og Fru Wiig paa Vik sende like
eins Jolegaavur.

Det vart Matbot som forslog. Det maatte ha spurst,
at ho hadde fengi Gjestir til Huse.

Snart sat den vesle Huslyden vedjoleborde og hadde
det godt, med alle Koppar fulle, Ljos i Stakane og Varme
i Omnen. Og daa forstod Fru Holmsen, at denne store
Hjelpi i rette Stund, den maatte vera fraa Gud.

Bønine hennar i Natt! — det var dei som var

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0040.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free