- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
44

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

44

HJAA HO MOR.

Det vart samla Pengar til henne; for dei Pengane
vart det kaupt full Bunad av Seng- og Gangklæde og
dertil ein stor, gild Symaskin. Daa det vart Vaar og
mildt, skiftest Fru Storm paa Fredheim og Fru Wiig
paa Vik um aa køyre Turar med henne; det kom ho
seg svært av. Ho kunde sistpaa fortelja Doktaren, at
ho aldri hadde kjent seg so frisk som no.

Ho gav seg i Ferd att med Kjolesaumen sin;
„Sy-Etablissemente" gjekk i Gløyme. Dei Kjolane ho sauma
fekk eit godt Ord; maatte ho so sant hava Helsa, so
trudde ho det skulde greide seg. Med Kniping og
Sparing fekk ho sjaa aa leggje seg upp eit Grand; berre
ho hadde noko i Bakhandi til dei laake Tidir, so kunde
ho taka Borni heim naar som helst, trudde ho.

Fanny vart send rundt til Venir og Kjendsfolk i By
og paa Land so mykje som Raad var; ein spara noko
med det og. Hjaa Storm paa Fredheim var ho ofte;
der fekk ho Eggjevaflar og Rjome og vart sett til aa
gjæte Gaasungane. Det var ein Stegg som var so leid;
han vilde eta upp Ungane sine; Fanny skulde verja
dei smaae mot denne hjartelause Far sin. Ho sanka
dei forskræmde Kjuklingane uppi Forklæde sitt og sette
seg paa Staburstroppi og byssa deim. Der sat ho og
byssa og vogga til ho sovna sjølv, med heile det vesle
kravlande, pipande Reire i Fange.

V.

Det hadde teki til aa siimrast, med Sol i Husveggjom
og diger, gild Gullboste frametter Vegkantane og
mil-lom Gatesteinane i den vesle stille Byen; Fanny og
Frits gjekk „Landturar".

Dei kunde kje koma lenger enn til næraste
Garden, av di det var ein Hund der som gøydde so fælt.
Trygt var det ikkje i andre Maatar heller; endaa Frits
var ein modig Maur, helst naar Fanny saag han, var

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free