- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
45

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

45

det best aa agte seg baade for Kyr og Hestar. Men
naar Soli skein og Himilen var blaa, var alle Faarar
gløymde; Sümar-Lettlynde tok deim; dei labba i Veg.

Det var fint utanfor Byen, opi og ljost og {ritt og
vidt. Blaablenkjande og breidfløymd rulla Elvi ut gjenom
alle Bygdelag heilt dit der Himilen og Fjellrandi gjekk
saman. Paa Aasane ovan Byen og ned-yvi frametter
Elvi stod tunnhoggin Naaleskog i sine Blaalitir; men
der kunde ingin gaa; Gamle-Kari hadde sagt at der
var Røvarar. Likevel var kje han Far rædd for aa
gaa der, fortalde Frits; men han var no so sterk, han;
det vaaga seg ingin i Kast med han Far, um det so
var den villaste Røvaren i Verdi.

Rett utanfor Byen vidka Elvi seg ut og vart til ein
„Fjord"; der rodde Folk med Baatar. Millom Baatane
baska eit lite Eimskip seg fram, og lagde ei Sky av
Røyk etter seg i Lufti. Med slikt eit Skip kunde ein
fara Verdi rundt, hadde han Far sagt; men det maatte
kje vera slik ein litin Fillebaat som denne her; for den
var so skral at han kunde kje gaa i Elveströki.

Lufti var mett med ein søt, heit Ange som gjorde
Borni sæle og syvjuge. Aa, so godt som det var, naar
Soli steikte i Ryggen og lumra um Øyro. Dei gjekk
og heldt kvarandre i Hendane og livde det vegetative Liv.

Rundt ikring glødde Blomar i tusundtal, voggande
sine søte Skaalir i Solelden. Det glitra og glinsa i
nysprotti Lauv. Paa Engir og i Vegkantar gjekk Sauir
og aat Gras; dei hadde ørsmaae yndelege Lamb som
patta. Og naar dei hadde patta seg utyrste, leika dei
og sprang; men so kom dei burt fraa Mødrom sine,
og so grét dei, plent liksom Smaaborn. Aa nei, so
søte som dei var! Fanny vart so glad at ho skreik
ende yvi seg og fekk Taarur i Augo. Ja slikt eit
Lamb skal eg kaupe deg, naar eg vert stor, sagde
Frits raadsnar.

Alragildast var det aa vera ute naar dei hadde
Sukkergodt med; og det hadde dei for det meste. Frits

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free