- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
46

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

46

HJAA HO MOR.

kaupte for „Lümmeskillingane" sine; men det kunde
og vera Fanny som reiv i. Ho var ikkje alltid
pengelaus, Krulltoppen. Kjende Folk gav henne Skillingar
stundom, naar dei raaka henne; dei Skillingane hadde
ho fyrr gjengi heim til Mor med; men no, daa ho tok
til aa skyna kva Pengar var gode til, stakk ho deim
gjerne i si eigi Lümme. Dei kunde stundom Ilva
reint storkarslegt paa desse Ferdom sine; det var svært
so mykje Kake ein kunde faa for ein litin Sylvskilling,
naar Bakar Rustad var i sitt rette Lag.

Men det gjekk ikkje lengi godt med dette. Bakaren
hadde vori altfor snild ein Dag; han hadde gjevi deim
meir Kake og Smaaknask enn dei var god-til aa faa i
seg. Fanny kom heim Middagsbil med Forklæde fullt
av gode Ting, og med ein fæl Magaverk. Det vart
Forhøyr; og alt kom upp. Enden paa Visa vart Juling.
Og samstundes fekk Fanny høyre ein Ting som sette
ein hard Kvekk i ho.

Gud var all Stad.

Kor ein var eller kom, kor ein gjekk eller stod, —
Gud var der. Um ho vilde røme aldri so langt, ja
um ho vilde grava seg ned i Jordi, ho slapp ikkje ifraa
honom. Og endaa han sjølv var usynleg saag han alt.
Um det var svartaste Natti, um ingin annan kunde sjaa
kva ho tok seg til, — Gud saag det. Jamvel Tankane
hennar saag han. Berre ho tenkte paa noko gali vart
han vond. Ho maatte daa vera snild Gjente, anten ho
hadde Mor si yvi seg eller ei; for vart Gud vond, so
var det ingi Raad lenger.

Fanny vart so ottesam at ho gjekk og heldt seg i
Stakken til Mor si heile Dagen sidan. Ho tottest vera
tryggare daa. Mor laut smile. —

— Fru Holmsen og Fanny vart bedne ut til Proprietær
Wiig paa Vik ei fjortan Dagars Tid ut paa Sümaren.

Det kom vel med. Heime var det tomt Hus i Aar
som vanleg.

Noko umframt trøysamt var det ikkje paa Vik. Frua

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free