- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
47

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

47

var stiv og stram, og Bonden sjølv sat for det meste
og hekk med „Morgenbladet". Men Fanny ünte seg
godt der. Ho heldt Lag med Gina, Dotteri paa Vik;
og dei tvo dreiv ihop all Dagen; Gud veit kvar dei
heldt seg helst. Det var stundom berre so vidt dei
hadde Stundir til aa faa Maten i seg.

Slik Venskap vart det millom deim, at daa Fru
Holmsen for til Byen att, maatte Fanny faa vera etter
hjaa Gina.

Det morosamaste paa Vik var Kalvane, som ho
likevel ikkje torde koma for nære innaat, og Kyllingane, og
dei tvo fine Kvelpane, og so Drengjestogo. Ho hadde
vorti Godvenir med Budeigja, som gjødde henne med
Rjome og Mjølk; det andre Tenestfolke au lika henne.
Ho sat paa Fange aat Gutane og var Kjærasten deira;
ho song Visur og preika og lagde ut; og dei lo.
Morosame Ting fekk ho lære og; der var Sogur aa høyre,
og Eventyr, som ho ikkje hadde høyrt Maken til i si
Tid. Det var Gaman aa lære henne noko av kvart
Slag, totte dei i Drengjestogo; ho var so lita og
truskyldig, og tok uppatt so hugheilt endaa dei drjugaste
Ting, at ein kunde læ seg forderva. Det var ein gamall
Husmann som murra um, at det ikkje var verdt aa
lære den vene Gjenta slikt; men honom berre lo dei
aat. „Du trur daa vel ikkje det lel, Hans, at Ungen
skynar slikt?" —

Budeigja var den gildaste til aa fortelja. Ho kunde
Eventyr um Trolli og Oskefot; like eins fortalde ho
um Reven og Bjørnen, og det raaka at Karane fekk
henne til aa fortelja um Tullingen som skulde av og
gifte seg. Det var au ei løgleg Rispe. Guten var
so styvin at Gjenta ikkje vilde ha han; so fekk ho
vende og laga det so, at i Staden for Bruri fekk han
ei stor lang-raggut Geit uppi Sengi aat seg um Kvelden;
daa lo Karane godt.

Ein Morgon daa dei sat ved Aablten, tala
Proprietær Wiig aalvorsamt til Smaagjentune og sagde at dei

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0053.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free