- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
48

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

48

HJAA HO MOR.

ikkje maatte gaa i Drengjestogo. Dei hadde ikkje noko
der aa gjera, lét han um. Eg berre fylgde Fanny, eg,
sagde Gina; ja men det visste du at du ikkje skulde
gjera, svara Proprietæren. Fanny sat og glodde og
undrast. Kva skulde det vera for, tru, at dei ikkje
maatte gaa i Drengjestogo? Frua saag aal vorsam ut,
ho og. Gina, som var eit Aars Tid eldre enn Fanny,
sat og tagde og saag svært lydig ut.

Smaagjentune leika med Dokkune sine den Dagen
og med Kvelpane, og var ikkje ute hjaa Folki. Kvifor
maa me kje vera i Drengjestogo? spurde Fanny. —
Nei; Far og Mor vil kje at eg skal gaa dit, svara
Gina.

Ein Kveld raaka Fanny Budeigja ute paa Tune; og
halvløynd attum Stakken hennar smette ho seg med
inn i Drengjestogo trass i Forbode.

Ho hadde ikkje godt av seg; og daa Gina um eit
lite Grand kom og ropa paa henne, gjekk ho. Men
daa ho kom ut, tok ho til aa graate. Kva er det du
græt for? spurde Gina. — No segjer du det til Far
din og Mor di, sutra Fanny. — Vil du fortelja meg
det som dei fortalde deg inne no, so skal eg kje segja
det, svara Gina. — Dei fortalde kje noko; du kom og
fekk meg ut att, du! — I Morgo skal eg ikkje koma;
men so skal du fortelja meg alt det som dei fortél.
Vil du det? — Ja; men so skal ikkje du segja det til
Far din og Mor di! — Nei det skal eg ikkje.

Kveldane etterpaa var Fanny i Drengjestogo. Ho
tenkte so smaatt paa han som er allstad-verande; ho
var rædd han laag paa Lur i den myrke Kroken attum
Loftstroppi; men ho gjekk inn likevel; for det hadde
ho lova Gina. Og naar ho kom inn, gjøymde ho seg
hjaa Budeigja og var ikkje rædd lenger.

„Fortel, Marit!" bad ho; og Budeigja fortalde. Ho
fortalde dei Sogune som Karane bad um og; det var
som ho var meir fri paa det no enn ho hadde vori.
Men det var ikkje alltid so morosamt, det ho fortalde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0054.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free