Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
49
no. Karane lo nok stundom; men Fanny kunde ofte
ikkje skyna kva det var dei lo aat.
Gina fekk Sogune att so godt som Fanny kunde
hugse deim; stundom kniste ho og lo paa Lag som
Gjentune i Drengjestogo. Kvi lær du? spurde Fanny,
— Ikkje for noko, svara Gina; men du maa kje fortelja
dette til nokon annan. — Kvi daa? — For di det er
stygt. — Er det stygt? — Ja. — Kvifor er det stygt
daa? — Jau. — Ja kvifor det daa? — Jau du kann
vel skyna at det er stygt. Fortel meir daa, Fanny! —
Men ein Dag vart Fanny send attende til Byen.
Ho steig fram for Mor si huglaus og rædd. Fru
Holmsen tagde og las det Breve, Fru Wiig hadde sendt
med; so gjekk ho etter Rise.
Det vart eit hardt Bask. So syndig Juling hadde
Krulltoppen aldri fyrr fengi. Men so vart det og ei
Refsing som beit.
Heile Dagen etterpaa gjekk Fanny liksom og gøymde
seg. Stundomtil grét ho, men nedkjøvt og stilt, mest
som eit vaksi Menneskje; Mor hennar vart sistpaa reint
ottesam og tok til aa undrast paa um ho skulde ha
skræmt Vlte av henne. Um Kvelden daa Fanny hadde
lagt seg, tok Graaten henne so sterkt at det var uhuglegt.
Nei men kva er det, Krulltoppen? spurde Mori. Er
du reint paa Styr? Hm? Kva er det daa, Barne
mitt? — Du — du — du — er sint paa meg! hiksta
Fanny. — Nei men kjære deg daa, Barn, kor kann
du no koma paa slikt? Du kann daa vita me er like
gode Venir, me! Berre du ikkje gjer slikt upp att, so
hugsar ho Mor aldri meir paa dette! — Nei, jamra
Fanny; du er vond paa meg, Mor; alle er vonde paa
meg; Gud er og vond paa meg; de er vonde paa meg
alle! — For noko Tull, Barn; so; teg deg no og
les Fadervaar. Berre du bed vent til Gud, so veit du
det blir godt, So: Fader vaar ... — Fader vaar
— uh, hu, hu! — ... du som er i . . . — du
som er i — — du som — uh, hu, hu, hu! —
4 — Garborg. II.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>