Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
50
HJAA HO MOR.
Det drygde lengi den Kvelden fyrr Fanny sovna.
Under-legt Barn, den Krulltoppen. —
— Ein Kveld var Fru Holmsen paa Mühlbergs Hotel
og vart der kjend med ein Kristianiamann, Agent Solum,
som kunde fortelja henne um „Skognymfa". Jau
Gudbevars, sa han og smilte paa sin rolege Maate; det er
visst sant alt som De hev høyrt um henne — av gali
daa . . . Kva segjer De? Daning? Ho er ei vanleg
Tjenestgjente. — Ho hev havt ein rik Onkel i Amerika
daa? — Nei; ho hev drukki seg rik, kann ein segja.
— Naa, det er noko nytt! Det maa De greide ut for
meg, Solum. — Gjerne det, Frue. Ho tente nokre
Aar hjaa ei rik Enkjefrue som drakk; so drakk dei
tvo i Lag, til dess dei vart Godvenir; og daa so den
gamle Enkjefrua døydde ein Dag, so var det Jomfru
Aaberg som ervde. — Nei no hev eg aldri høyrt. Ja
slik skal süme slumpe uppi det! — Der var som ein
litin Tone av Ovund i Mæle til Fru Holmsen.
— Gift? Solum drog paa sine trauste Herdar; kven
vilde vel hava slikt eit Troll? — Aa, naar ho var rik?
— Nei, ser De, ho var altfor —. Og so slikt eit Ord
paa seg; det vart sagt, kann De tenkje, at um
Kveldane, naar ho hadde drukki den gamle Enkefrua full,
so tura ho sidan ute i Kjøken med Gutane sine. —
Naa; ja slik ei, det var noko for honom! — Aa, De
meiner for —. Naa; han er elles ikkje aaleine um
henne, dersom det kann trøyste Dykk; han er endaa
til komin i Skyldskap med ein Professor! — Men,
lagde Solum til med sin godslege Smil, han er,
Gudbevars, for den Skuld likso vel Verbror til
Gardsdrengen !
Fru Holmsen vart reint forstøkt. So mykje hadde dei
jamvel ikkje visst aa fortelja paa Syskulen. Og tenk
Borni! — „Det kann daa aldri vera sant alt dette,
Solum?"
Men Solum visste kva han sagde. Eg driv med
Skog i seinare Tid, heldt han fram; og so hev eg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>