Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
HJAA HO MOR.
51
vanka noko paa Elmerud og. De tarv aldri tru at det
gjeng dult med Ustelle der ute!
— Stakkars Born; stakkars Born!
Men at slikt kunde gaa for seg? At ein i eit kriste
Land tolde slik Styggedom? Var det ikkje so, at slike
Kvinfolk vart tekne og sette paa Tukthuse? — Fru
Holmsen var reint uppøst.
Solum drog paa Akslom. Naar det ikkje kjem Born,
sagde han, og elles, naar ein hev det som ho . . . sit
godt og trygt og er ingin Mann skyldug ... so kjem
det kje nokon ved kva ein fer med so i sitt eigi Hus,
vel? — Elles veit De, at ei Dame ikkje vilde ta det
paa den Maaten. Med ein Gong slog Fru Holmsen
Augo ned; Solum saag paa henne so rolegt og fast,
at ho vart fortrylt av det.
Agenten hadde vori Handelsreisande; fraa den Tid
var han som Barn i Huse her; og i Kveld skulde han
vera Gjest hjaa Fru Mühlberg. Fru Holmsen vart au
med; og dei hadde ein svært koseleg Kveld. Solum
var ein hyggjeleg Kar, baade traust og kvik, baade
morosam og aalvorsam. Det var som han gjorde seg
eit Grand til for henne, totte ho. Gift var han; det
var greidt. Men stakkars Marthe, — Solum riste paa
Hovude og saag ægtemannssorgfull ut: ho blir nok
ikkje gamal, er eg rædd. — Er ho laak daa? — Ja;
Bringa. — Aa, Stakkar. Ja daa er det vel lite Von.
— Ja; ho gjer det visst ikkje lengi. —
Noko av det gildaste ved Solum var det at han var so
barneglad. Dei kom til aa tala um Fanny; og so maatte Fru
Holmsen fortelja um henne heile Kvelden sidan. Fru
Mühlberg hjelpte til: hugser De den Gongen... hugsar De den
Gongen? — Kann De hugse daa ho laag i Glase og sende
Slengkyssar ned til Frits, som stod paa Gata og helsa
paa ho . . . fo’tu’li’vis ’libt i meg! sa ho millom kvar
Kyss, fo’tu’li’vis’ libt i meg! — Ha-ha-ha! — Eller naar
han var heime, denne digre Kandidat Lehmann —
han Halvtomsingen, som gjeng og rykkjer paa Aksline og
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>