Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
52
HJAA HO MOR.
liksom skubbar seg —, so trudde Fanny han hadde . . .
Dyr paa seg, og so gjekk ho etter han paa Gata og
sagde so høgt at han mest maatte høyre det: ’ka’ e’
ta Nuta? ’ka’ e’ ta Nuta? — Ha-ha-ha! — Eller no
paa Aarmaalsdagen hennar, daa Fru Dahl sende henne
dei nye Skorne ... — Ja, daa var ho og god! Det
var um Morgonen, fyrr ho var uppe; so kom desse
Skorne; so segjer eg: no maa du reise deg og takke
fint! segjer eg. Nei, sagde Krulltoppen, eg vil kje
takke! Du skal nok sjaa at du maa sy for Skorne,
Mor! — Ha-ha, hev du høyrt paa Unge! — Ho hev
vel høyrt gjeti at Fru Dahl er . . . noko nøgg paa det
. . . Hugsar De dei Tvodags-Lagi ho heldt, Fru
Mühlberg? — Um eg hugsar? Ja eg skulde tru. — De
maa vita, Solum, ho brüka aa halde tvo Lag, eit for
Storfolk den eine Dagen, og so eit Dagen etter paa
Leivingane ... — Naa; det var sløg Kjering! —
Daa bad ho oss andre, ser De. Men ho slutta med
det att; ho fekk nok høyre so mykje, at . . — Ja,
De var leid med henne, Fru Holmsen. — Aa, eg som
andre. — De gav henne det so midt upp i Augo, De
. . . Naa, er det Fyrste- eller Andredagslag i Kveld
daa, Fru Dahl? . . . Nei tenk, vart der so mykje att
igaar daa, Fru Dahl? Nei men skal det vera til oss
dette, Fru Dahl? — Aa jau, ho fekk kjenne det! — Ha-ha;
Fru Holmsen er lentug, skaut Solum inn; det er vel
ikkje for inginting, at De hev slik ei kvik Dotter, Fru
Holmsen! — Det er sant, Fru Holmsen, kva er det
ho segjer til Bokbindar Lundstrøm, De? —
Det slutta med, at Solum bad um Lov til aa koma
burt ein Dag og „sjaa paa Krulltoppen". Ja, sagde Fru
Holmsen, naar eg berre hadde det slik at eg kunde
taka imot Kristianiafolk! Aa Snakk um ein Ting, Frue!
— Men den Natti laag Fru Holmsen og vakte og
tenkte paa Borni.
Ho var uppskræmd i sitt Mor-Samvit, so ho fekk
ikkje Fred. Det trengde seg innpaa henne sterkare
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>