- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
62

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

62

HJAA HO MOR

all Vis aa koma til Lags med henne. Fanny vart reint
kjær for Mor si stundom; naar Gamle-Kari kom
staa-kande inn um Kvelden, kunde ho finne Mor og Dotter
sitjande saman og kose seg med kvarandre og hava
det reint gildt. Naar eg blir stor, Mor, sagde Fanny,
so skal eg kaupe ein Ruggestol til deg, slik ein som
den Bestemor Lehmann hev; og so skal du faa sitja
og rugge deg all Dagen, og drikke Kaffi og eta
Kveitebrød. Takk skal du hava, Krulltoppen! sagde ho Mor
og kysste henne. Og so skal du ikkje sy, men berre
sitja og ha det hyggjelegt, heldt Fanny fram. Takk,
Tuppa mi; du er snild mot ho Mor lel, du. Skal du
kje kysse Mor di daa? Fanny tok Mor si um Halsen
og gav henne ein Smellkyss; det vart Gamle-Kari for
drjugt. Tvi! sa ho; no maatte eg sputte! —

Utetter Vaaren tok Jomfru Thorsen til aa vanke i
Huse; ho hadde sett seg til med ein liten
Finmat-Handel og hadde gode Stundir. Jomfru Thorsen hadde
i Fredheimstidi vori Stogujente hjaa Fru Holmsen; so
vart det dei gamle Fredheimssogune som no kom upp att.
Jomfru Thorsen var framifraa kjend i desse Ting; ho
hadde endaa sjølv vori ettersett av Holmsen.

„Ja den Skarven!" tok ho uppatt og uppatt paa sitt
Vestlandsmaal; „er det kje rart at slike Folk og skal
faa Lov aa vera til!" — Ho hadde slik ein underleg
Maate aa segja r paa; det høyrdest som Rikting i nye
Sko, totte Fanny.

Dei rødde ofte um Borni. Og Mor sagde so
mang ein Gong, at dersom ho berre hadde kunna berge
deim, so skulde ho ikkje ha brytt seg noko um at
hennar eigi Liv var øydelagt. Og no kunde eg ha
fengi Borni heim, sagde ho. Han Nils, Bror min i
Kristiania, Handelslæraren, baud meg Hjelp no; han
kjenner noko til den Jomfru Aaberg, ser De; men
meiner De ikkje den Skamløysa ende til negtar aa gjeva
Borni fraa seg? Ho vil vera Mor for deim, segjer
ho ... og so lengi Far deira er fornøgd, so hev

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0068.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free