Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
64
HJAA HO MOR
sterk, so Gamle-Kari maatte gjeva seg. Fanny kom
ikkje paa Skulen den Dagen.
Ho Mor var burteverande lengi. Ikkje fyrr fjorde
Dagen ved Middagsleite kom ho att; daa var ho
solbrend og frisk, og hadde fengi ein ny Sümarhatt og ein
fin Solskjerm, so Fanny mest ikkje kjende ho. Aa,
so ven som du er, Mor! song ho upp og sprang
henne til Møtes; ho Mor tok henne upp i Armane
sine og kyste henne. Aa du vesle Tuppa mi, du vesle
Engelen min; korleis hev du havt det? —
Dagen etter kom Solum. Der vart Glede og Gaman,
god Mat og godt Mod; Mor og Onkel Solum var
heilt-upp kipne. Dei rødde mykje som Fanny ikkje forstod;
det var Tale um ein Jarnveg, ein Foss, sundslegne
Flaskur, eit Hotell, drukne Handelsreisande, ein Maskin
som varp Dalarstykkje; kvar Gong dei drakk, sagde
dei: „akkurat mitt Brennevin!" og naar Flaska var
tømd, ropa Solum: „send ho paa Forbetringshuse, som
me sagde deruppe!" Mange andre underlege Ordtak
hadde dei. Fanny kunde inkje Samanheng faa; og det
tregelegaste var, at eit Par Gongir, med’ Drøse gjekk
som best, vart ho send Ærend ut i Byen. Men so
mykje tottest ho skyna likevel, at Mor og Onkel Solum
hadde vori i Lag ei Tid der ut-paa Lande.
Daa Solum hadde gjengi, spurde ho: du Mor, hev
Lensmann Berg ein Maskin som verp Dalarstykkje?
— Kva . . . kva er det du vasar um? spurde ho Mor
tryllt. — Onkel Solum sa at de hadde set ein Maskin
som varp Dalarstykkje? — Ho Mor ørrette seg. Aa!
sa ho, det var det han fortalde fraa Kongsbergferdi si?
Jau; der er det ein Maskin som verp Dalarstykkje.
Det er der dei gjer Pengar, ser du. Eg hev kje set den,
eg . . . ikkje no daa . . . men ein Gong fyrr . . .
eg var der uppe i Lag med Far din, skynar du . . .
du skal og faa sjaa den Maskinen ein Gong,
Krulltop-pen, naar du blir stor . . . dersom du er snild Gjente.
So; no klæder me av oss . . . Korleis hev du havt det
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>