Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
65 HJAA HO MOR
heime daa, Tulla mi? hev Gamle-Kari vori snild mot
deg? Hev Lundstrøm vori her? Hev du vori paa
Skulen? —
Dei lagde seg; Fanny fann att den kjende Kroken
sin i Armen til ho Mor og sukka av Sæle. „Aa, det
er so godt aa liggje hjaa deg, Mor!" Ho laag ei Stund
og smaarødde, klappa Mor si paa Hals og Vange, kjælte
for Brysti hennar, smaug tett, tett innaat ho, bad, at
ho aldri meir maatte reise fraa henne, ørska um den
store Ruggestolen, som ho Mor ein Gong skulde faa;
best som det var spurde ho: skal eg kje lesa
Fader-vaar i Kveld daa, Mor?
Jau, jau, skvatt ho Mor upp; gløym ikkje det,
Krulltoppen! — Du maa hugse paa det, um ho Mor ikkje
minner deg; — bed trottugt til Vaarherre du . . . som
er so lita og uskyldig!
VII.
Frits og Fanny var Kjærastar enno. Dei tok til att
med Leikane og „Landturane" sine, so snart
Fri-maanaden kom; og mest heldt dei Lag i den Tidi daa
ho Mor var i Kristiania paa Gjesting.
Men so kom Hausten.
Frits, som alt var innmot nie Aar gamall, tok til aa
gaa paa Borgarskulen. Der vart han fagna med Hæding
og Laatt. Dei lange Gutane i Storklassom geipte til
han og peika med Fingrom: ha! ha! han gjeng og
diltar med ei Gjente, han! Ha! ha!
„Aa Frits Johannesen, det Toskehu’e,
ho Fanny Holmsen ska’ bli hans Frue!"
Ha! ha! ha! — Aa—h! — Bæ—h! — Frits
Gjente-fut! — Frits Stakkedalt! — Frits høyrde paa dette
tagali og trutin. Næste Gongen han raaka Fanny,
gjekk han beint paa henne og jula henne upp.
Fanny skyna kje Meiningi med same. Ho trudde
5 — Garborg II.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>