Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
66
HJAA HO MOR
det maatte vera Skjemt. Men snart merka ho at det
var Aalvor godt nok, og so reiv ho seg laus og tok
Flugti. Ylande kom ho heim til Mor si; der fekk ho
Juling for di Frits hadde rivi Kjolen hennar sund.
Dermed var det Ende paa det Festemaale. Og
Fanny hadde kje større imot det. Var det nokor
Meining i aa gaa og vera trulova med ein Gutunge daa;
ho vilde heller vente til ho vart konfirmera, so ho
kunde faa seg ein skikkeleg Festemann.
Men for Frits Johannesen maatte Fanny etter denne
Dagen agte seg vel. Han fekk Berserksgong, berre han
saag ho. Di Lurvetasse! streik han; stygg er du, og
fillut er du, og Juling skal du ha’; hei! Og høgføtt
og gutekeik flaug han paa Gamlekjærasten sin med
Hendane hardknytte.
Han vart ein Meinkrok og ei Ugjegne ikkje berre
for Fanny, men for Lage hennar, ja for alle dei
Smaa-gjentur i Byen fanst. Han fekk med seg ein Flokk andre
Gutegapar fraa Borgarskulen; dei kalla seg Indianar
og för Byen rundt paa Herjing og dengde og ufreda
Smaagjentune kvar dei kunde raake paa deim. Daa
Vinteren kom var det mest vaalegt for Gjenteborni aa
koma ut; løynske indianske Snøballar kom fljugande
fraa Gatehyrno so snart dei synte seg; og dei
Snøballane kunde vera trauste. I Kjelkebakkane var det
kje heller Fred aa faa. Ylande Indianar kom farande
so snart dei saag seg Raad, og velte baade deim og
Kjelkane deira ut i Snøfonni.
Dei tri „fine" fraa Gjenteskulen til Fru Kahrs fann
endeleg paa aa berge seg upp aa Høytreve til
Sakførar Lehmann, naar dei vilde hava Fred; det var ingin
som hugsa paa aa leite etter deim der uppe. Og
smaatt um Senn tok dei til aa like seg paa Høytreve.
Det var so fritt der, som Gina sagde; so flutte dei dit
med sine Dokkur og Leikar og stelte seg tilrettes som
for ei Langvist. Paa Treve fekk dei sitt Tilhyggje
og si faste Borg; dei gjekk og tusla i Halvmyrkre
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>