Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
67 HJAA HO MOR
der uppe liksom Mysar som hev gøymt seg for
Katten.
Utanfor Lofte vart det berre meir og meir keidsamt,
totte dei.
Allvisst saag det vonlaust ut med Skulen; for kvar
Gong dei flutte upp i ei ny Klasse vart Leksune fleire
og Tilsyne strengare. Kvi tru ein skulde lære so
mange keidsame Ting? Fanny kunde ikkje forstaa det.
Jau, me maa lære det; for alle Damur lærer det,
sagde Gina; — for elles var me berre som dei simple
som gjeng paa Almugeskulen, sagde Ebba; — ja det veit
eg nok, sagde Fanny. Men det var like keidsamt for det.
Fanny lærde mest aldri Leksune sine heime. Ho
var kje god til aa sitja still so lengi; berre ho kunde
koma seg laus fraa Mor si paa eikor Vis, lét ho Bøkane
liggje og sprang. Ho berga seg med aa lesa i
Fristundine, eller ho fuska; det hende at ho maatte sitja
etter og; helst i Frøken Malthe sine Geografitimar.
Denne Frøken Malthe kunde Fanny ikkje med; og
ein Gong hende det noko som gjorde deim reint til
Uvenir. Det var ein Dag Fanny maatte sitja etter.
Daa Skuletidi var ute, læste Frøken Malthe Døri og
gjekk heim til Middags. Og so vart Fanny gløymd.
Ho sat og sturde i det stengde Klasserome Time etter
Time; Svolten kom og Myrkre kom; men den som ikkje
kom var Frøkni. Daa var det Fru Kahrs; ho budde
ovanpaa og fekk høyre at det grét ned-i Skulestogo;
so kom ho og hjelpte Fanny ut; men daa var Fanny
mest fraa seg av Otte og Fælske.
Dagen etter fekk Frøken Malthe Skrubb, so Fanny
høyrde paa det, og laut beda for seg. Det er
aalvor-samt dette, Frøken, sagde Fru Kahrs; forstend De?
— Fanny vart so glad i Fru Kahrs, at ho kunde ha
kyst henne. Men um Frøken Malthe laga ho same
Dagen eit Sneidestev: „Frøken Malthe, den Dott —
husker ikke godt", og sidan var ho so uskikkeleg som
ho med det gode kunde i Timane hennar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>