- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
68

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

68

HJAA HO MOR

Hadde det ikkje vori Fru Kahrs, so hadde Skulen
ikkje vori ut herdande. Men Fru Kahrs var snild, og
det helpte. Ho hadde lettare Fag og, ho. I
Smaa-klassom hadde ho Bibelsogu; og den fortalde ho; og
naar dei ikkje hugsa, vart ho kje vond, men fortalde
upp att. Det var so gildt aa vera flink for Fru Kahrs;
eit godt Ord av henne var meir enn eit heilt Eit-Tal
i Karakterboki. Mot Fanny var ho framifraa snild. Ofte
naar det kunde vera smaatt med Skulenista tok ho
henne med seg upp-i Stogo si og gav henne Mat; daa
var ho svært hyggjeleg, tala godt med henne, sagde at
ho var flink, og at ho maatte vera snild mot Mor si,
„som ikkje hev nokon annan enn deg, Krulltoppen". Fru
Kahrs var mykje snildare enn ho Mor, totte Fanny; i Vissa
var ikkje ho Mor so snild som Fru Kahrs til alle Tidir.

1 tridje Klasse fekk dei til Reknelærar ein Adjunkt
Bryn fraa Borgarskulen; han var au morosam, men paa
ein annan Maate: ein maatte jamt læ aat han. Det
var ein litin sped, uroleg Fyr med iltrende raudt, stutt
Haar som stod og sprikte rundt Hausen hans som
Bustir; eit lite forsinna Andlit hadde han, og Augo
dansa rundt i alle Krokar: huff, Smaagjenter, je er
saa nervøs! hutra han. Paa Ferd var han i Einingi,
ned av Lærarstolen, upp aa Lærarstolen, burt-etter til
Døri og hit att til Europakarte, fram og attende all Stad,
blaasande Dumbe av Pulten, av Omnen, av Veggjom
— pøh! pøh! — gneid Hendane sine, bysta^seg paa
Ermane, kleidde seg attum Øyro; „saa; saa; nu skal
vi være stille, Smaagjenter, nu skal vi være s . . stille";
han var stam og, Adjunkten. Det var fælt løglegt aa
erte han. Han vart sint for inkje-noko; og naar han
var sint stama han, so han knapt kunde faa fram Orde.
Han berre rulla med Augo og frøste: „S . . . S . . .
Slasken!" sagde han. Det var so løglegt at han kalla
Gjentur for „Slask". Men han vart blid att strakst,
naar han saag at han ingin Veg kom med aa harske
seg. Ebba og Fanny var Grom-gjentune hans; men

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0074.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free