- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
69

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

69 HJAA HO MOR



Fanny var han vond paa stundom, av di ho ikkje var
sk . . . skikkeleg. Med Timane sine tok han det ikkje
strengt. Süme Tidir rødde han um Matlaging i Staden
for um Multiplikasjon, eller brüka ein Hovudreknetime
til Preiking um Dame-Motar. Desse var noko fælt
Narreverk, totte han; minst av alt kunde han like aa
sjaa ei Dame med Solskjerm. Kann de tenkje dykk
noko so t . . . t . . . tilgjort som ei Dame med P . . .
Parasol ? morska han seg. Kvar Gong det kom ein
ny Mote vart han vill; og so fekk dei ein Fritime.
Han kunde gløyme seg stygt. D ... dei sluttar
Gud-hjelpemeg ikkje fyrr dei gjeng nakne, meinte han ein Dag,
med ei stor St—rudsfjør i Enden — aa, hm! om
Forladelse; hm, hm! — Naa, seks Ganger seks altsaa? Fanny?

Smaagjentune lo aat han og var glade i han. Men
dei hadde han berre nokre reint faae Timar i Vika.
Og like eins var det med Fru Kahrs; ho las mest i
dei øvre Klassom. Til vanlegt maatte Gjentune i den
Klassa der Fanny gjekk lite seg med desse Frøknine
som høyrde Leksur og var gretne; og daa vart Timane
so lange at dei var lite herdande.

Ikkje berre keidsame var dei, desse Frøknine; dei ■
var styvne au. Det var vel ingin Kunst aa vera klok,
naar ein hadde Boki framfyri seg heile Timen; ein
skulde taka Boki fraa deim og sjaa kor det daa gjekk;
det kunde nok Fanny hava Moro av aa vita. Daa vart
dei kanskje ikkje stort klokare enn me, daa.

Stundom kom dei med Ting som tottest Fanny lite
sætande. Som naar Frøken Malthe vilde hava deim
til aa tru at Jordi var rund som ein Ball; aa, so snar
som ho maatte vera til aa tru, den Frøken Malthe! Ein
heil Time stod ho og preika um, at Jordi var rund; det
kunde me sjaa av det og det, sagde ho; men det vart
berre noko Tull; Fanny trudde kje eit Ord av det.
Frøken Strandboe var ikkje heller til aa lite paa alltid.
Kor kunde ho vita kven som hadde vori Konge i Norig
for 800 Aar sidan, og kva han hadde gjort og sagt?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0075.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free