- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
70

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

70

HJAA HO MOR

Jau du kann daa vita at ho veit det, sagde Ebba.
Ja, du kann daa vel skyna at ho veit det, sagde Gina;
trur du Fru Kahrs vilde hava nokon til Lærar paa
Skulen sin som ikkje visste det? — Nei det trudde
ikkje Fanny. Men det var ikkje sagt at Fru Kahrs
visste kor styvne desse Frøknine i Røyndi var. Nei,
det er sant, sagde Ebba. — Ja, men ho hev vel spurt
deim ut fyrst, kor mykje dei visste, meinte Gina. —
Ja det kann du vel vita ho hev! sagde Ebba. Ja det
var greidt at ho det hadde; men likevel —; med seg
sjølv hadde Fanny svært lite Tru til desse Frøknine.

Naar dei tri Venine i Lag med Dokkune sine leika
Skule uppe paa Høytreve, var det Frøknine det gjekk
ut yvi jamt. Ebba eller Gina var for det meste
Frøken Malthe; Fanny, som vaks hardt no og var lang og
bleik med skarpe Munn-Linur, letst vera Fru Kahrs.
Det slutta med, at Frøkni, naar ho hadde vavra ei
Stund og vori leid mot Skuleborni, fekk ei dugeleg
Av-reidsle av Fru Kahrs, so heile Klassa høyrde paa det.
Det er aalvorsamt, dette, Frøken, forstend De? Hender
det ein Gong til, so jagar eg Dykk paa Dør! —

Stundom sat dei tri Smaagjentune i ei Kraa paa
Treve og tenkte ut Hædingsord um Frøknine eller
sette Utnamn paa deim og laga Sneidestev. „Frøken
Malthe — skal vi salte"; „Frøken Strandfcoc — er dum
for to". Dagen etter sette dei daa slike Ting ut paa
Skulen og sagde at dei hadde høyrt det i Byen. Av
og til lagde dei Meinraadir, som dei daa helst fekk
andre til aa utføre; ein Gong narra dei den truskyldige
Thea Hansen til aa gjeva Frøken Strandboe ein
Kattunge; dei visste det Thea Hansen ikkje visste, at
Frøken Strandboe kunde heiltupp faa Senedraatt, naar ho
saag ein Katt. —

— Ein god Dag hende det noko i den vesle Byen, som
gav Gjentune paa Høytreve og noko aa tala um.
Jette Enger vart trulova.

Jette Enger var berre so vidt ferdug fraa Fru Kahrs;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0076.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free