Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
71 HJAA HO MOR
Smaagjentune der heldt henne mest for Kammerat enno.
Og tenk, so var ho trulova.
Retteleg trulova. Ho gjekk og dreiv med Kjærasten
sin ut yvi Storvegen kvar Kveld, og var ikkje det Grand
rædd for at Folk skulde sjaa det.
— Ja tenk! No hev ho vel alt kyst han, sagde
Gina ein Morgon paa Skulevegen.
— Aa fy; er du kje klok, du? sette Ebba i; dei skal
daa vel kje kysse kvarandre, fyrr dei er gifte?
— Aa Gud, so dum som du er, Ebba, kom Fanny no;
det er vel difor dei er trulova vel, at dei skal kysse
kvarandre all Dagen!
— Aa Gud, er du rusk, du! Aa Gud, eg kom til aa
døy av Skam; tenk kysse den framande Karen.
— Pytt; det er kje so faarlegt, meinte Fanny klokt;
nei; naar dei er gifte so gjer dei noko anna daa.
— Er du kje klok, du? Kva gjer dei daa?
Fanny fekk eit forstøkt Augnekast fraa Gina og drog
seg med ein Gong inn i seg sjølv. Eg vil kje segja
det, sagde ho.
Ebba vart rædd; no var det noko dei vilde løyne
for henne att, kunde ho skyna. Ho freista ein Umveg:
— Kven er det som hev fortalt deg det daa?
Fanny sat langt inne i seg sjølv; eg vil kje
segja det.
— Ish! so leid som du er! tok Ebba til; men Saki var
forvitneleg, og ho freista endaa ein Umveg.
— Aa pytt; du veit kje noko.
— Er det kje sant; veit eg det ikkje? — Fanny
skaut til Gina.
Gina nikka.
— Aa, det er klent av Dykk! tok Ebba i att; alltid
skal de ha Løyndomar for meg! Ish! Eg vil kje ha
meir med Dykk eg; det vil eg ikkje!
— Det er kje mi Skuld, sagde Gina.
— Nei det er Fanny, som er so leid og stor paa
det . . .
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>