Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
72
HJAA HO MOR
— Er det kanskje ikkje du, Gina, som hev sagt, at
eg ikkje maatte fortelja det, kanskje?
— Du kann daa vita eg meinte kje Ebba; for ho er
likso stor som me, ho.
— Aa pytt; du kann godt fortelja det til meg, lokka
Ebba.
— Uff nei; eg vil kje fortelja det.
— Kvifor det daa? spurde Ebba; naar de veit det,
so kann vel eg og.
— Uff nei; det er so leidt her paa Gata; her er so
ljost.
— Kann kje du og Gina koma upp til meg i Efta,
so gjeng me paa Høytreve?
— Ja—u. — Jau, paa Høytreve ....
Dette vart dei samstelte um.
— Og so skal du ta meg i Handi paa, at du vil
fortelja meg det, sagde Ebba.
Fanny saag paa Gina; Gina nikka.
— Ja det skal eg, sagde Fanny og rette Handi fram.
— Seg „ved Gud" paa det daa!
— Ved Gud! Trur du meg no daa?
Ebba roa seg. —
— Dei møttest um Eftaen paa sitt gamle Loft, noko
underlege i Hugen.
Som etter Avtale kraup dei inn i den inste Kroken
av Treve, der det var so myrkt at dei ikkje kunde sjaa
kvarandre.
Dei drøste annvint um ymse Ting som dei ikkje tenkte
paa, lo med tilgjord Laatt, og stræva fælt med aa faa
sett seg. Endeleg sat dei. Dei sat so tett ihop, at
dei mest kunde kjenne Hjarto i kvarandre banke. Og
so vart dei reint tagalle. Det vart so forfælande leidt,
totte dei med ein Gong.
Allvisst Fanny. Ho hadde nok Hug til og fortelja. Men
Gud, kor leidt det var; ho vilde heller sleppe.
— Hugsar du kva me hev i Geografi til i Morgo,
Gina? spurde ho.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>