- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
73

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

73 HJAA HO MOR



Gina hugsa det; Ebba hugsa det og. So vart det
stiilt att.

— Uff so leid som ho er, denne Frøken Malthe, sagde
Fanny.

-Ja-

— Kvifor kunde me ikkje faa Adjunkt Bryn i
Geografi. Han er so morosam, so.

— Ja, han er morosam.

— Kven?

— Adjunkt Bryn vel!

— Aa. Ja, han er morosam.

Det vart stilt att.

— Kva lær du aat? spurde Ebba og drog etter
Anden; dei kunde høyre kor Bringa hennar gjekk.

— Eg lær aat Adjunkt Bryn; han er so løgleg,
naar han stamar. „F—F—Filleunger!
F—F—Fante-tøser!"

— Ha-ha.

— He-he.

— Og so naar han kallar oss Slasken! Ha-ha. ’D—du
kann nok, berre du vil, Slasken!’ Ha-ha.

— Ja. — Ha-ha.

Det vart stilt att.

Heiltupp varmt vart det inne i Kroken. Dei høyrde
kvarandre puste der dei sat; alle hadde dei brennande
Hug til aa byrja paa det rette; men det var so ille
leidt aa koma seg i Veg.

Endeleg kunde kje Ebba halde seg lenger.

— No er eg viss paa at de vil narre meg likevel,
sagde ho; vil de kje det, kanskje?

Tvo Mæle tok i med ein Gong, svært forundra:
narre deg? Korleis det daa, du?

— Hugsar du kje det du skulde fortelja, Fanny, —
det, som Gina og veit?

— Aa pytt, det?

— Sa du kje „ved Gud" paa det kanskje? Gjorde
ho kje det, Gina?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0079.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free