- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
74

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

74

HJAA HO MOR

— Jau det gjorde du.

— Ja, men so maa du ta meg i Handi paa, at du
ikkje skal segja det!

— Ved Gud! svor Ebba og rette Handi fram.

Og so tok Fanny til med kviskrande Mæle, stilt hjelpt
paa Glid av Gina, aa fortelja Sogune fraa Drengjestogo
paa Vik.

Uff.- Fy! stunde Smaagjentune, naar det kom noko
leidt; uff, eg døyr! uff, seg det ikkje! Men naar den
eine Sogo var ferdug, so vilde dei hava ei til; og so
var Ebba so sli etter aa faa Utgreiding paa aliting.

Fanny sagde det ho visste, og Gina hjelpte til. Fanny
hadde gjort seg galne Tankar um ymist; Gina retta
paa ho. Det heile vart nytt for Fanny med. Di meir
dei skyna, di meir forstøkte vart dei, og meir og meir
brennande forvitne. Kor i Verdi kunde det gaa for
seg; kor i Verdi kunde det hange ihop? Meir og
meir onnugt kviskra og tiska dei; vart Ordi for drjuge,
hjelpte dei seg med Innpaatydingar og Faktir, eller
den fyrste Bokstaven. Dei kviskra og stunde og vart
reint brennvarme; Ebba visste snart det dei andre
visste.

— Men sidan hende det ofte, at dei tri
Smaagjentune sat ihopkropne i den myrkaste Kraai av det myrke
Lofte og drøymde seg burt i Sogur fraa Drengjestogo.

Det vart so framifraa forvitnelegt. Det var noko
reint anna enn det som elles var Moro.

Dei snakka seg upp, til dei sat og glødde, bivra
og brann som i Febersjuke. Dei gløymde alt, Tidi,
Kveldverden, Mor, Far; det fekk kvitte eitt, um dei
fekk Skjenn naar dei kom heim att. Dei maatte so
plent hava ei Sogu til; det maatte so plent bli greidt
ut noko meir um korleis gifte Folk hadde det. Men
uff! fy! at nokon kunde gjera slikt; at dei ikkje døydde
av Skam! Det kunde ikkje vera sant, sovori.

Dei skildest kvar Dag med Handtak og
Forsikringar, at aldri nokosinn, korkje no eller sidan, ikkje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0080.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free