- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
75

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

75 HJAA HO MOR



for noko Menneskje, um det so var den beste Vén,
— skulde dei ymte eit Ord um kva dei no hadde for
seg. „Ved Gud; ved Gud!" Skamfulle og med utrygt
Samvit gjekk dei kvar til seg; Ebba maatte likevel
gjerne fylgje Fanny; denne var so myrkrædd for den
allstad-verande.

Dei kunde ikkje bli Uvenir meir, desse tri. Dei kjende
seg bundne til kvarandre som av ei sams Misgjerning.

VIII.

Mor var i Kristiania ein Tur kvar Sumar no. Ho
stelte Huse for Bror Nils, med’ Marie laag paa Lande
for Nervune sine. Eller ho saag um Lea og Tom, som
Gudskjelov hadde det tölleg godt hjaa Jomfru Aaberg
paa Elmerud.

Fanny fekk ikkje vera med. Ho vart ettersett i
Kristiansborg og derikring hjaa kjent Folk; so trøytte
ho Tidi som ho kunde best, med dei Leiksysken ho
paa kvar Stad kunde finne.

Denne Sumaren vart det Gaman paa Kristiansborg;
det kom Sködespélarar til Byen.

Slikt noko hadde Fanny aldri set. Ho tagg seg med
paa Teatre alt fyrste Gongen dei spéla; og der hadde
ho ein Kveld som gjekk langt yvi alt ho til dessa hadde
havt Draum eller Tanke um.

Ho visste ikkje kvar ho var. Den store Salen til Fru
Mühlberg med heile Folkemengdi vart som burte for henne.

Det einaste som var til, var det litle ljose Rome der
frami, der Spéle gjekk; Resten av Verdi var eit
surrande svart Gap som ikkje vedkom henne.

Aa, som det var forunderlegt. Aa, som det var
trøysamt. Gjev dei berre vilde halde paa. Gjev dei aldri
vart ferduge! Det dirra og hoppa i henne av Frygd;
stakkars Mor, som ikkje fekk vera med aa sjaa det.

Kven som skulde hava kvarandre skyna ho strakst;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0081.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free