Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
83 HJAA HO MOR
maatte vera ein Gud; ho heldt av han; ja visst heldt
ho av han; det var han som gav henne Klæde, Sko,
Mat, Drykk, visse Rom ... uff, gjev dei fekk byrja
paa Skulen att. Ho hadde det fælt dauvlegt den Sumaren.
Det var jammerleg stuslegt paa Fredheim hjaa
Proprietær Storm. —
— Det vart endaa fleire Leksur i femte Klasse enn
i fjorde; og Skuletimane var lange som Endeløysa. Uff,
den som kunde røme. Jamvel i Timane aat Fru Kahrs
var dei dauve og tankespreidde. Dei dreiv Tidi med
aa sende kvarandre Setlar, som med gaatefulle Bokstavar
og Teikn leika innpaa det som sveiv deim i Hugen;
„F. M. hev aldri fengi ein K." — Frøken Malthe hev
aldri fengi ein Kyss; — „F. S. er fælt huga paa aa
g. s." — Frøken Strandboe er fælt huga paa aa gifte
seg. I Fristundine rødde dei paa same Maaten, og
hadde Moro av aa segja so drjuge Ting som dei kunde
paa ein slik Maate at det ikkje vart forstadi.
Dei fekk Villridir, hoppa, dansa, sprang, skreik.
Med ein Gong vart det slik Moro aa banne. „Kva
Pokker er det for noko"; — „kva Pokker vil du av."
Av Jomfru Thorsen hadde Fanny lært ein litin
vestlandsk Eid som ho fekk innført: „Pigejor"; Ebba sagde
„Gu"; det hadde ho lært av Far sin og Brørane sine.
1 den Leseboki dei bruka paa Skulen stod eit
Folke-æventyr der Fanden var nemd. Den heilage Skræddar
Evensen hadde set dette, og hadde funni det lite
upp-byggjelegt; hadde so strika inn Æventyre med Blyant
og skrivi i Kanten „Ingen Barnelæsning". Dette fekk
Fanny sjaa ein Dag, og med Laatt og Staak gjorde ho
det kjent for heile Klassa. Den vesle godslege
Josefine sat so flat og skjemd so ho gjekk mest til: „ikke
gjør det, Fanny, ikke gjør det, Fanny; uff! det er stygt
av dej, Fanny"; men der var slikt Staak at ho vart
ikkje høyrd. „Ingen Barnelæsning, ingen Barnelæsning;
ha-ha-ha, hi-hi-hi!" Det vart til eit Ordtak i Klassa
sidan, dette. Og Namne Fanden, som hadde vori Upp-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>