- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
84

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

84

HJAA HO MOR

have til Sogo, tok dei „fine" til Eid, um dei elles
ikkje nemnde meir enn fyrste Bokstaven.

Skræddar Evensen var ein av dei mest orvakne i
Kyrkjelyden; daa han hadde funni Fanden i Leseboki
til Dotter si, sagde han fraa um dette til Presten
Puk-stad. Dessverre maatte Presten upplyse, at den
Leseboki dei bruka hjaa Fru Kahrs var den same som den
dei hadde paa Borgarskulen. Det var soleis ikkje noko
aa gjera med Fru Kahrs i denne Sak.

Men ute i Byen vart det snart ymist sagt um Fru
Kahrs og denne Leseboki. Tenk; Fru Kahrs hadde
innført ei Bok paa Gjenteskulen, der det var Bannskap.
Skikkelegt Folk kunde ikkje segja kva der stod; men
det var ein fælt drjug Eid; og fleire av Smaagjentune
hadde alt lært seg til aa bruka den Eiden. Kunde
aalvor-lege Folk hava Døtrane sine paa ein slik Skule, tru?

Eit Ord fraa fyrr um, at Fru Kahrs i dei øvste
Klassom lærde Umvending etter Dauden, vart kveikt
upp att. Det var nokre au som tvila paa, um Fru
Kahrs heldt Bibelen for Guds Ord; visst var det, at
ho lagde altfor stort Lag paa dei tri Trudoms-Artiklane.

Fru Kahrs merka at det murra og mulla; men ho
visste kva det var og brydde seg kje um det. Skulen
hennar hadde stadi slike Støytar fyrr. Ho kunde
dessutan ikkje vera stort varare enn ho hadde vori. Det var
raadlaust aa halde seg strengare etter dei godkjende
Lærebøkane enn ho hadde gjort; og ho visste kje av
at ho hadde haldi si eigi Meining fram nokon Stad,
der det var Tvil um Fortolkingi.

Men til Jol vart nokre av Smaagjentune tekne ut
or Skulen. Det vart ikkje nemnt nokon Grunn; det
vart berre stutt og beint sagt, at Thea, Jensine, Sofie
ikkje kom paa Skulen meir. Daa tok Fru Kahrs til
aa fæle.

Det var ikkje meir enn so vidt Skulen greidde seg.
Kom det fleire Utmeldingar, so vilde det snart vera
slutt. Men denne Skulen var det einaste ho hadde i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0090.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free