- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
85

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

85 HJAA HO MOR



Verdi. Fekk dei henne burt fraa den, so vilde ho
ikkje hava nokon Ting meir som ho kunde trøyte sitt
Tilvære med.

Ho treiv til den Utvegen aa faa Religionslæraren
paa Borgarskulen til aa taka Katekismustimane; sjølv
fekk ho daa lite seg med Bibelsogo, og i dei øvre
Klassom ein og annan Bibeltime. Daa laut vel Folk
roa seg att. Men dei som var burte vart burte.

Presten Pukstad sagde, at det galdt ikkje so mykje
det einskilde Fag; gjenom heile Skulen gjekk enno
Fru Kahrs’s Aand, og den Aand var paa ingin Maate
luthersk.

Paa Vaarsida kom det Orde ut, at Fru Kahrs førde
falsk Lære um det heilage Ægteskap.

Ho hadde lagt ut Apostelen Paulus for øvste Klasse,
og hadde gjevi dei unge Gjentune den Lærdomen,
at ei Kone ikkje lenger turvte vera Mannen sin
undergjevi.

Konune i Kristiansborg vart fælne. Og den eine
Mori etter den andre kom farande til Fru Kahrs og
spurde um det var sant, at ho hadde sagt slikt. For
daa laut dei taka Døtrane sine ut or Skulen med same.

Fru Kahrs saag at det galdt Live. Ho fekk
For-eldrane saman til eit Møte; der heldt ho ein Tale og
greidde plent ut for deim kva ho hadde sagt og meint.

Ho gjekk ut fraa det, sagde ho, at Kristendomen
hadde lyft Kvinna upp fraa den Vanvyrdnad ho var i
fyrr, daa ho var Træl og Leikety, og sett henne ved
Sida av Mannen til Syster og Medhjelp. Ut ifraa dette
Syne hadde ho tolka Pauli Ord. Undergjevnaden til
Kona skulde daa ikkje lenger vera ein Trældoms
Lydnad, men ein Lydnad i Fridom av Kjærleik. Ho
lagde fram Autoritetar; hermde Luther og Biskop
Martensen; tala seg varm; sistpaa tottest ho verkeleg sjaa eit
blidare Lag paa dei myrkje Aasyn rundt um i
For-samlingi. Daa ho var ferdug, steig Prest Pukstad fram.

Han visste ikkje um Fru Kahrs fann det høvelegt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0091.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free