Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
86
HJAA HO MOR
etter Pauli Lære, at ei Kvinne tala i slik ei Forsamling,
sagde han; men han skulde ikkje no halde seg til den
Sida av Saki. Han vilde berre korteleg vise, kor hol
og laus den Utleggjing av Paulus var, som me her hadde
høyrt. Og han etterviste umstendeleg, kva det var
Paulus retteleg hadde vilja hava fram paa dei Stadine
Fru Kahrs hadde nemnt her. Fraa dei andre
Autoritetane som Fru Kahrs hadde nytta hermde han Ord
som synte, at ikkje dei heller kunde hava meint det
som Fru Kahrs fekk dei til aa hava sagt. Vel var det
sant, at millom kristne Folk burde det ikkje vera Tale
um anna enn Lydnad i Fridom; men paa den andre
Sida var det likso sant, at den Skipnaden som Gud
fraa Upphave hadde sett, at Mannen skulde vera Hovude
for Kvinna, liksom og Kristus var Hovude for
Kyrkjelyden, den galdt framleides. Han slutta med ei
inntrengjande Uppmaning til Foreldrane i Kristiansborg
um aa hugse det Andsvare dei hadde paa seg; i desse
Tidir, daa alskyns umogne Meiningar var framme og
breidde seg, kunde ein aldri vera vakin og aathugsam
nok, allvisst naar det galdt Ungdomen, som altfor lett
lét seg daare av all den lokkande Tale i denne Tid
um „Lydnad i Fridom".
Fru Kahrs steig fram att. Ho var svært bleik;
Mæle hennar høyrdest ustødt og skjelvande. Dei hadde
myrkna til att, Aasyni rundt um i Salen; og dei lange
kalde Utgreidingane og Hermingane til Pastor Pukstad
stod fram-fyri henne som ein Vegg. Sjølv sat Presten
der nede stiv og sterk attum Brillune sine, trygg paa
aa vinne, uruggeleg. Ho kjende paa seg, at ho laag
under. Slage var tapt. Ei forfælande Modløyse tok
henne, aaleine som ho her stod. So kom det eit
Braa-sinne yvi ho. Ho vart heit i Ord; kom med Paastand
og Skuldingar som det ikkje kunde vera Raad aa føre
Prov for; bruka Ordlag som Bakvasking, Forfylgjing,
Prestelygn; sistpaa slepte ho Saki reint og gav seg
burt i Talemaatar um det gode og sanne i det heile;
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>