Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
87 HJAA HO MOR
ho song upp um Rett for dei nedtrykte, um Framtidi
aat Kvinna, um at Tru og Hjartelag skulde faa Magti
yvi Mannens kaldkloke Vit, som hadde avla Teologien
med sin Iskalde paa den eine Sida og Rasjonalismen
med sin Daudkalde paa den andre; ho vart varm,
ordhag, fager; det som Pastor Pukstad ikkje hadde evla
aa øydelegje for henne, det øydelagde ho no i ei
eldhuga Stund sjølv.
Ho gjekk ned av Talestolen so teki at ho skalv, og
gøymde seg i ein Krok millom tvo av Læremødrane
sine. Det som sidan vart sagt i Møte høyrde ho ikkje.
Ho kjende seg underleg trylt; midt i Vonløysa var ho
paa ein Maate sæl for ho hadde tala; for kannhende
det likevel kunde vera einkvar som hadde forstadi
henne og fengi Hjartelag for henne og for Skulen.
Pastor Pukstad hadde ein lett Siger. Klokkar
Eilert-sen sagde Amen som vanleg; Skræddar Evensen sagde
uppatt paa Kyrkjelydens Vegne det same som Presten
og Klokkaren hadde sagt; og Forsamlingi skildest.
IX.
Fanny hadde vorti Kristianiamenneskje.
Ho Mor hadde ikkje havt Hug til aa hava henne hjaa
Fru Kahrs lenger; inkje godt Folk vilde hava Døtrane
sine paa den Skulen no. Og kvi skulde ein daa
liggje her paa Bondelande og lengte Live av seg?
Saum kunde ho faa i Kristiania so vel som her. Ein
Skule til Fanny maatte ein og kunna finne. Og Fanny
hadde vori like glad med alt, berre ho kunde faa koma
til Kristiania. Dermed hadde dei pakka Tøline sine
ihop og reist.
— Stakkars Gina og Ebba; dei skulde vera heime
som fyrr, dei. Tenk, gaa der uppe i det fæle Hole
og lesa med ei Guvernante, og so tenkje paa, at Fanny
— no gjekk Fanny og hadde det morosamt i
Hovudstaden !
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>