Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
88
HJAA HO MOR
Men Brev skulde dei faa; so hadde dei alltid noko
aa trøyste seg med. Ho skulde fortelja deim alt, so
som ho hadde lova. Aa, naar dei fekk vita kor gildt ho
hadde det her, — dei vilde ovunne henne, so dei vilde
kje staa i det.
Fyrst maatte ho fortelja at ho hadde vori paa
Klingenberg og set det svenske Teatre. Jau det var andre
Greidur enn Salen til Fru Mühlberg, det! Og so maatte
ho fortelja um Krambuine. Du store Tid! for
drustelege Krambuir. Ein Stad hadde ho endaa set ein
ljosraud Silkekjole slik som den dei skulde hava naar
dei kom fraa Italia. Det var ikkje Ende paa alle dei
naudfine Kjolar og Kaapur som her var aa sjaa;
Skinn-verk var her med; og tenk; ja, dersom dei fekk sjaa
alle dei Armband og Sylgjur som laag i Vindaugo hjaa
Gullsmedane i Kongens-Gate, so vilde dei kje faa sova
um Natti; det visste ho.
Aa, det var tusund Ting ho maatte fortelja. Tenk,
naar dei fekk høyre at Mor og ho hadde køyrt i Vogn
som andre Storfolk tvert gjenom heile Kristiania! Men
daa var ho Mor i Godlag og, maatte dei tru. Ein
kunde køyre i Vogn naar ein vilde her; paa Stortorge
ved Vor Frelsers Kyrkje stod det ei heil Rekkje med
Vognir, og berre ein vitta med Handi, so kom dei.
Og Kuskane var svært vyrdsame og galante. Naar
dei saag at det var Damur som vilde køyre, sprang
dei ned av Sessen sin og hjelpte deim uppi; „versgod,
Frue," „versgod Frøken" . . . Men daa maatte dei
sjaa at det var rette Damur; det sagde seg sjølv. Oss
hadde Kusken vori overlag vyrdsam mot. Han hadde
jamvel kalla Fanny „Frøken"; „vil ikke Frøkna heller
sitte der?" hadde han sagt. Det var greidt han trudde
ho alt var konfirmera.
Men naar det var fine Bryllaup i Byen, daa fekk ein
sjaa Vognir daa! Og Klædningar! Aa du store min!
Dei var klædde som Brurir alle Damune; ja ein kunde
tru det var Prinsessur og Hertuginnur! Og det var
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>