Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
90
HJAA HO MOR
— Det var elles ikkje mykje fint der dei budde no,
totte Fanny; Garden laag einslegt og stilt i ei ny Gate
som ikkje var steinsett endaa; der var mykje Søyle
og heller ustelt. Dei hadde eitt Rom med Kjøk; der
var baade myrkt og trongt. Og so var det ein Tev
av gamall Kjøk, sagde ho Mor; den trudde Fanny aldri
at ho kunde venjast med; men dei laut bu her likevel,
av di her var billegt. Og so var her fritt og godt;
dei hadde serskild Inngang fraa Portrome.
Dei andre som budde i Huse var simple Folk, som
ein ikkje turvte bry seg um. Likevel budde det i andre
Høgdi ei Fru Holter, som var av betre Folk; ho var
Lærar ved Aalmugeskulane her i Byen. Henne saag
dei elles ikkje noko vidare til.
Men Fanny lagde Merke til Son hennar; det var ein
tolv-trettan Aars Gut som heitte William. Han var
umaateleg ven. Nei, slikt eit bleikt, fint Andlit. Og
so vent som han gjekk klædd! Eit lite naudfint blaatt
Slips hadde han, som var reint hugtakande. Han var
visst og svært snild; reint ulik Indianane. Fanny
vart slurvesam med Brevskrivingi si no. Ho var
hugteki og laag paa Utkik etter William all Dagen.
Ho hadde mykje Fritid. Mor fekk ei Braarid av den
gamle Sjukdomen sin og laut leggje seg inn paa eit
Sjukehus; so vart Fanny for seg sjølv i godt og vel
tri Vikur. Ei gamal dauvøyrd Kone paa hi Sida
Portrome skaffa henne Mat; ho hadde ikkje anna aa gjera
enn aa passe paa Maaltidine.
I den Tidi vart ho kjend med eit Par Smaagjentur
fraa tridje Høgdi, som og gjerne heldt seg ute naar
William kom; dei heitte Ingeborg og Anna. Det var
tvo snilde Smaagjentur; og so kjende dei William.
Fanny vart og snart kjend med han. William og
Smaagjentune vart Leiksystken; og Fanny slutta reint med
Brevskrivingi til Kristiansborg. —
— Lea vart konfimera den Hausten; etter
Konfirmasjonen var ho inn i Byen hjaa ho Mor. Det var
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>