Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
91 HJAA HO MOR
fælt rart; tenk, Lea var vaksi og mest gifteferdug. Ho
var paa Høgdi som ho Mor og tok til aa faa Lag; og
so ven som ho var vilde det vel snart koma Friarar.
So ven Gjente hadde Fanny aldri set. Ho liktest paa
den italiske Hjuringgjenta som hekk heime paa Veggen
hjaa Sakførar Lehmann, — plent slik ein bleik, døkk
Lit, og plent slike naudfine brune Augo. Fanny hadde
i seinare Tid teki til aa finne seg sjølv ven; men ho
var inkje imot Lea. Aa, den som ein Gong kunde faa
slikt eit Haar! Desse fæle ljose Krullane som reiste
seg fraa Skallen som ein høg Topp, og som det ikkje
beit Kamb paa, — aldri kom ho til aa sjaa skipeleg
ut med deim. Det var kje for inkje at Gamle-Kari
hadde kalla ho Lurvehette. Gudskjelov; i Nakken tok
det til aa jamne seg. Fletta var alt dugeleg lang;
kannhende kom det i Lag alt, naar ho vart so gamal
som Lea. Kanskje fekk ho same Skapnaden som Lea
og. Det var godt aa hava slik ei ven Syster; so var
det Von at ein sjølv og vart fager. Elles var Lea
keid-sam. Det var ikkje det Slag Moro med henne; ho var
so vaksi og stillfarande og vitug at ho snaudt nok kunde
faa Munnen upp til ein Smil. Du daa ! sagde ho berre,
naar Fanny tala til henne; ho skulde nok vera for god
til aa røde med slik ei Skulegjente no.
Undrast paa um Lea hadde havt noko slikt . . .
Høytrev? — Aa, langtifraa. Ho hadde visst aldri vori
anna enn pen. Ho sat heile Tidi og rødde vltugt med
Mor um aalvorsame Ting; ho skulde faa Plass hjaa
ein Huslyd i Drammen, sagde ho; og for det skulde
daa ho Mor forklaare henne alle Slag. Og so fortalde
ho um han Far. Han hadde det ikkje godt, sagde ho,
og var ikkje alltid vitug; men ho vilde heile Tidi
liksom orsaka han. Han var no i Grunnen snild. Til
Konfirmasjonen hadde han gjevi henne ein naudfin
Gull-kross; og ein slik ein skulde Fanny au faa, hadde
han sagt. Tom hadde fengi mange vene Ting av Far,
han med, og var svært glad i han; men Tom hadde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>