Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
92
HJAA HO MOR
sett seg i Hovude at han vilde til Sjøs; og det lika
han Far ikkje. Ein einaste Gong høyrde Fanny Syster
si segja eit sterkt Ord; det var um Skognymfa.
Gudskjelov, sa ho Mor, at du er komi burt ifraa det Huse!
— Ja, svara Lea, eg er glad for det. Jomfru Aaberg
er eit ufjelgt Menneskje!
— Aa ja, me ser paa dei unge kor gamle me vert,
sukka ho Mor, daa Lea var avfari. Ho rødde i det
heile mykje um Alderen sin. Du er daa kje gamal, du
Mor? meinte Fanny. — Er eg kje det, tykkjer du?
— Nei. Ja det kann vera um Morgonen fyrr du hev
klædt deg; men naar du hev klædt og fjelga deg, so
er du like ung att! — Det er endaa godt at eg er
ung for deg, Krulltoppen, sagde ho Mor illhuga.
Det leid langt paa Hausten alt; og dei hadde endaa
ikkje funni nokon Skule til Fanny. Men so fekk ho
Skilgrein til Slutt. „Det vert ingi Raad med det, Fanny;
du maa paa Aalmugeskulen!"
Paa Aalmugeskulen? eg? spurde Fanny; ho trudde
det ikkje. Men daa ho skyna at det var Aalvor, kom
ho paa Graaten. Det er daa berre dei som skal bli
Tenestgjentur . . . som gjeng paa Aalmugeskulen?
sutra ho; det hev du sjølv sagt!
Det er kje paa den simple Aalmugeskulen du skal
gaa, skynar du vel, svara ho Mor; du skal gaa i
Be-talingsklassa! Det er paa Friskulen dei simple gjeng;
dei hev ikkje Raad til aa betala, ser du . . . Fru
Holter segjer at Betalingsskulen er reint fin; ho hev
sjølv ein Gut i Betalingsskulen. — William? — Ja
kanskje han heiter William. Fanny heldt upp med
Graaten; um ei Stund sagde ho: dei tarv vel ikkje vita
um dette i Kristiansborg? — Nei langtifraa, svara ho
Mor trøystande.
Den store Bygningen til Aalmugeskulen med alle dei
Hundrad av Born, med sine kalde Murar og den
innestengde Leikvollen, var fælande uhyggjeleg. Ein kunde
mest vildre seg burt i dei lange, graae Gangane, og i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>