Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
104
HJAA HO MOR
— Eg skynar kje kor du kann finne paa det . . .
Kanskje du er det?
— Eg?! Aah! Nei du daa!
— Jau du er! du er!
— Eg? kven skulde eg vera glad i daa?
— Kann du kje segja meg det? — Han kviskra
mest.
— Aa! aldri i Verdi!
— Jau seg det, er du snild.
— Aah! Kann du tenkje slikt?
— Seg fyrste Bokstaven vel!
— Aa! aldri i Verdi ... ja so skal du segja meg,
kven du er glad i.
— Eg torer kje. Jau, dersom du segjer fyrste
Bokstaven, so skal eg og segja fyrste Bokstaven.
— Ja men du fyrst!
— Nei; du fyrst
— Uff det er daalegt av deg, William.
— Kann me kje skrive daa?
— Skrive?
— Ja . . . Me skriv paa kvar sin Lepp; og so byter
me Leppar; so fær me vita det samstundes.
— Ja, sagde Fanny. Gakk upp og skriv du, og kom
ned i Portrome att; so kjem eg ut um lite Grand.
— Ja; og daa hev du din Lepp og?
— Ja . . .
Ho trivla seg inn gjenom Gangen aat Mor si; han
gjekk til den andre Sida og upp Troppine.
Strakst etter var Fanny ute att. Er du her? kviskra
ho; Portrome var svart som ein Kjellar.
Inkje Svar.
Uff; no skulde me sjaa han kom ikkje. Uff; ho
vilde gaa inn att, ho. Det var fælt styvelegt
dette-her. Han heldt henne berre for Narr; det var det ho
kunde vita.
Sjølvsagt var det ikkje henne, han heldt av; det var
den Godtulla Ingeborg. Ho var kje meir enn tie Aar;
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>