Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
105 HJAA HO MOR
men kva brydde Karane seg um slikt; han var gjerne
for den Skuld hugtekin i Anna og, som var endaa
yngre . . .
Nei; der kom han. Du store min, so stilt som han
gjekk. Ho høyrde ’n mest ikkje korkje i Døri eller i
Troppi. Der var han. Hm! — Er det du? — Ja.
— Kor er du? — Her. Nei her. — Kvar? — Her!
— Hyss. Trivlande fann dei Hendane aat kvarandre,
bytte Setlar; rømde so kvar til sin Kant; ho staakande
og snaavande, han berre stilt.
Daa ho var innanfor Døri komi, skyna ho det med
ein Gong: det kunde ikkje vera hennar Namn som stod
paa Setelen.
Det kunde ikkje det. Aa Gud! so styvi som ho var.
Ho med sine store Føtar og sin bleike Hamlit; og so
dette fæle lurvute Haare; og no hugsa ho med ein
Gong noko han hadde sagt um Ingeborg: at ho hadde
slik ei naudfin kastanjebrun Flette.
Aa fy, so taapi som ho hadde vori; ish! uff! Ho
vart reint heit; og so braakald att; aa; tenk; ho, som
hadde skrivi W. H. heilt ut paa Setelen.
Uff; tru det ikkje var nokon annan Gut som heitte
noko paa W. H.? Aa, Asen som ho var; kvi kunde
ho ikkje ha skrivi berre W.? eller berre H.? No sat
han der uppe og lo av ho; uff! ho kunde bite Tunga
av seg.
Leppen torde ho kje sjaa paa; det var Ingeborg; ho
visste det. Det var sant og: Fletta til Ingeborg var
ven. Daa visst mykje venare enn Krullane hennar.
Uff, denne ljose, lurvne Krulltoppen; nei, nei; og so
leid og vill som ho var; og han som var so finsleg og
stillfarande; og so denne Kjolen daa; ish! kor fæl ho
var; og so hadde ho gjengi og innbilt seg —! uff! uh!
Ja so var ho ulykkeleg daa. Aa Gudskjelov, at ho
Mor var ute. Ho kasta seg upp-i Sengi med Andlite
i Høgjende. No var alt slutt. No fekk ho berre tenkje
paa Teatre. Det vart ikkje noko Moro aa vera paa
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>