Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
106
HJAA HO MOR
Teatre heller no. Inkje noko vart Moro lenger; aa ho
var so fælsleg usæl. No kom ho berre til aa folne
burt og døy.
Folne burt som ei broti Lilje. Alt i Morgo vilde ho
vera mykje bleikare. Still og underleg vart ho, so dei
kom ikkje til aa kjenne ho att. Nei men kva er tids
med Fanny? vilde dei segja; ho, som var so kvat og
kvik? Ho Mor vilde bli ottefull og spyrja henne ut
aalvorsamt. Men ho vilde berre bøygje Hovude og
knuse ei Taare ... aa, Mor, eg er so fælande
ulykkeleg! . . . uh, hu, hu . . . Aa, no grét ho alt; aa
. . . aa . . .
Aldri i Verdi vart ho glad meir. Det vilde gaa med
henne som det gjekk med den fagre Irene; ho visna burt
av Kjærleikssut i sin Ungdoms Vaar; ingin visste kva
som bila, fyrr ho laag paa Sottesengi og øra um Carlos,
sin Hjartans Vén; men daa var det for seint. Aa, no
kom dei snart alle og spurde; Emilie fyrst: kva er
det, Fanny? kva er det? no vil eg vita det! du skal
segja meg det! ja du skal! — men daa vilde ho svara
med ein blid Smil: gjev du maatte bli sæl, Emilie!
Og det gjekk Spurlag um dette heilt til Kristiansborg.
Gina og Ebba kom; kannhende Fru Kahrs med; Fru
Lehmann og Fru Storm og Fru Mühlberg og alle ihop
sytte og skreiv Brev; nei men tenk, daa: Krulltoppen,
som var so glad og kvik! — Men ingin skulde faa
vita noko; ho vilde gaa i Gravi med Løyndomen sin;
men attmed Hjarta hennar skulde dei finne eit Brev
. . . uh, hu, hu —!
Fanny laag ei heil Rid i Sengi og grét; so høyrde
ho Mor si ut-i Gangen. Ho for upp og vaska seg.
Setelen gøymde ho under Hovudgjerde. I Kveld kunde
ho kje bera Ulykka si; men i Morgo vilde ho vera
sterk; og daa skulde Lagnaden hennar bli avgjord. Ho
saag seg i Spegilen; kannhende tok ho til aa bleikne
alt. Men nei; ho var raud, altfor raud; aa, det kom
av at ho hadde graati. Venta til i Morgo . . .
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>