Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
107 HJAA HO MOR
Ho var svolti og aat godt til Kvelds; det harma henne.
Men i Morgo, naar Lagnaden hennar var avgjord, skulde
ho ikkje eta det Slag. Berre folne og bleikne. Plent
som Irene; aa, ho saag det for seg so tydeleg.
Ho Mor spurde um Teatre, og rett som det var tok
Fanny seg i at ho sat og lo og fortalde og var livleg.
Ja, den Johannes Brun, du! du kann ikkje tru, kor
løgleg han er! — Ho Mor saag ikkje ut til aa hava
det minste Hugsviv um, at Dotter hennar var
ulykkeleg. Men uff; venta til i Morgo . . .
Ho gjekk tidleg og lagde seg; hadde vondt i Hovude.
Ja berre du no ikkje hev fengi Kjøld i deg der burt paa
dette Teatre, sagde ho Mor; ho skyna ingin Ting.
Fanny smatt ned-under Dyna; ho freista med aa graate,
men fekk det ikkje til; so somna ho, rett trygg i
Grunnen paa at det var hennar Namn som stod paa Setelen.
Ho vakna um Morgonen med godt Mod. Setelen
var det fyrste som kom henne i Hugen; ho fann han
fram og opna han. Der stod: Deg sjølv, men seg
det ikkje.
Deg sjølv, deg sjølv! Aa, den gilde Guten! Ho
flaug upp or Sengi, lo, dansa, gneid seg i Hendane;
meg sjølv, meg sjølv, aa! Aa Gud! so Moro som det
var! Tenk! trulova! Og tenk, med honom! Du store
min; aa, kor dei vilde ovunde henne no, Ingeborg og
Anna. Ja; for dersom dei trudde at ho vilde hava han
ihop med deim, so tok dei i Miss! Ho vilde sjølvsagt
ikkje hava det paa den Maaten med han, uff! fy! men
aaleine um han vilde ho vera. Aah! aah! for Moro
det skulde bli; ho skreik av Fagnad; ho var so glad
at det kitla i henne. Og so kannhende ein Gong
imillom, naar det var myrkt . . . uff! nei; det gjekk
ikkje; ho kom til aa døy av Blygsle; men . . . tenk,
um han slik ein rriyrk Kveld sat saman med henne i
ein Sofa og so berre utan eit Ord . . . uff! det maatte
vera rart aa kysse ein Gut. Men naar det var han,
den søte, vene William; og naar dei var trulova . . .
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>