Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
108
HJAA HO MOR
Berre han ikkje var for bljug av seg. Endaa no, daa
han var trulova ... —
— Det vart ein lang Dag. Skulen var fælare enn
nokosinn; ho stunda etter Middagen og Fridomen so
ho var sjuk av det. Uff, so rart som det maatte bli
aa raake han no. Kva vilde han segja tru; kva vilde
han gjera. Berre dei andre ikkje kom til aa gaa det.
Tenk um han utan eit Ord tok henne um Halsen og
kyste henne . . . men det torde han daa ikkje, midt i
Kjelkebakken . . .
Til Slutt vart det Middag likevel. Fanny tenkte ho
kunde raake han paa Heimvegen, men saag han ikkje.
Ho gjekk heim og reiv Maten i seg so fort som ho
kunde. Paa Møtestaden, som no var Kjelkebakken, var
ho Fyrstemann. Noko etter kom Ingeborg og Anna.
Stakkars Gjentur; dei tok til aa snakke elskhugsblidt
um William som fyrr. Dei skulde berre vita —!
— Kor hev det seg at du er so still i Dag, Fanny?
Er du kje glad i han lenger kanskje? spurde Ingeborg.
— Aa jau; det er ein ven Gut, men —.
— Kvi segjer du men, Fanny?
— Nei ikkje for noko. Eg er likso glad i William
som fyrr, eg; men det vert no ikkje nokon av oss som
fær han.
— Kva . . .
— Kva?
— Eg hev fengi Greide paa han no.
— Kven er det daa?
— Jau, eg skal segja dykk —; det er eit
Syskenbarn av han, ei fin ei, som gjeng paa Nissens
Gjente-skule; henne er det.
— Jaso.
Jaso. Ja ... i Grunnen var daa det ikkje noko
urimelegt. Var det vel? — Nei. Og han kunde
gjera som han vilde for oss, veit du; — ja; — ja
daa; — for det kunde bli so nokorlunde det same
for oss det . . . ja daa; ja. I Grunnen var han
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>