- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
109

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

109 HJAA HO MOR



no kje so fælt ven heller; det var mange Gutar som
var likso vene som han. Og det, at han var Nummer
1 i Klassa —; ja det var vel lett nok for han som
var Son av Frøkni; det var visst dei som var likso
flinke som William Holter. Fanny hjelpte deim med
aa avheidre William. Og ho ynka og svivyrde deim i
sitt Hjarta.

Men det drygde lengi fyrr han kom. Han skulde
vel aldri trega paa det? — Det var heller fullt i
Kjelkebakken, daa han endeleg viste seg. Fanny var
ille uppraadd. Ho torde ikkje sjaa paa han; og ho
kjende paa seg, at ikkje han heller saag paa henne.
Ho var so uppspana at ho skalv. No kom han vel;
tok henne i Handi; saag varmt paa henne; sagde
eitkvart . . . kva vilde han segja, tru? — Men han kom
ikkje. Han stana eit Stykke ifraa deim og sagde
Godkveld. Godkveld! kom det stutt fraa Ingeborg og Anna.
Er de alt . . . paa Plassen? spurde han. Ja daa.
vart det svara. Fanny skygnde burt til han; han stod
og saag upp-etter Kjelkebakken. Og der var det Moro.
Dei staaka og skreik, og Kjelkane gjekk; det var so
haalt Føre at det mest var spelegt; og dei gleid og
rulla med Huing og Laatt. Han stod og stirde. Der
var ikkje noko eldande Augnekast, ikkje nokon kjærleg
Smil, inkje noko varmt Ord; han var berre forøven.
Uff so flat som ho vart. Tenk um han trega det; ja
daa vart ho usæl for Aalvor!

— Det er godt Føre i Kveld; — det er folksamt i
Kjelkebakken i Kveld; berre slikt noko var det han
sagde. Sistpaa spurde han um Fanny vilde laane
Kjelken hans. Eg skal ikkje vera med i Kveld, sagde
han. Det var berre det, eg vilde segja — no tala han
til Fanny; det var det eg vilde segja, at eg vert ikkje
med dykk som fyrr; for no ... no lyt eg lesa og
vera annsam. — Ja liv vel med deg daa! sagde
Ingeborg; liv vel med deg daa! ropa Anna. Fanny tagde;
ho kunde kje forstaa han. Han stod lite, liksom han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0115.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free