Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
110
HJAA HO MOR
venta paa Svar; daa det ikkje kom noko, gjekk han.
Med eit serskilt Tonelag helsa han upp-etter att; Fanny
kjende at det var til henne: ja Godkveld daa!
Godkveld, sagde Fanny, mest paa Graaten. Det var som
han vilde stana; men Ingeborg og Anna skraala slikt
eit „Godkveld" etter han, so han tok seg i Veg att.
Han rusla ned-yvi med Iangdrjuge Stig; Kjelken drog
han etter seg. So stana han att: vil du kje ha Kjelken
Fanny? — Til Svar fekk han nei Takk. Han drog
seg av Stad att, endaa seinare, endaa meir ustødt. Det
var rett, Fanny! sagde Ingeborg; me kann berge oss
med min Kjelke i Kveld og, veit eg; me treng ikkje
aa tigge honom! Berre lat han gaa, — Vigtigpæra!
— Ingeborg og Anna tok til aa baktala han att; Fanny
var tagall. Det vart ingi Moro i Kjelkebakken den
Kvelden. Dei aka eit Par Vendur; so gleid Anna og
slog seg, og so gjekk dei heim.
Sidan um Kvelden heldt Fanny seg so mykje ho
kunde i Portrome. Han maatte koma, totte ho; han
maatte skyna at ho var her. Og her, som det var so
myrkt, turvte han ikkje vera bljug. Uff, for ein Kloss
han var. Tenk, slikt Snakk som at han maatte vera
annsam! Skulde ein ha høyrt slikt! Aa nei; han
vilde nok berre sleppe fraa henne att. Han vilde
heller ha Ingeborg med den vene Fletta. Tennane
skrangla av Kalde i Munnen paa henne; og Andlite
vreid seg i Graat som ho kjøvde. Tenk, ho som
hadde trutt at alt skulde vera godt no. Uff, so leidt
som det vart, um han sveik henne.
Ho laut inn att ei Stund, so ho Mor ikkje skulde
gaa noko; daa ho kom ut att, lydande og hugill —
jau, daa var han der. Hm! kremta han laagt inn-i
Myrkre; aa Gudskjelov. Hm! svara Fanny. Er det
du? kviskra han. Ja. — Eg hev eit Brev til deg . . .
kvar er du ? — Her ... — Dei trivla seg saman og
fann Hendane til kvarandre. Han gav henne Breve,
men heldt Handi fast. Der vart dei standande eit Bil,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>