Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
111 HJAA HO MOR
reint stille. Fanny gløddest upp i ei inderleg, mjuk
Kjensle og vart reint varm; aa gjev dei kunde bli
standande so alltid. — Uh; tenk um han kyste henne!
— Uff; der gjekk det i ei Dør. Han kvakk og slepte
Handi; Godnatt, kviskra han. Ned gjenom Troppine
høyrdest det kvasse Mæle til Fru Holter: „William!"
Han hadde smett seg ut i Tune og letst no som han
kom inn att derifraa; — ja, Mor? — Kor blir det av
deg daa? Teen vert kald! — No kjem eg. — Fanny
høyrde han skunde seg upp Troppi; so var han burte.
Ho gøymde Breve i Lümma si og gjekk inn. Uff,
denne Fru Holter. Elles kunde han godt ha gjort det
fyrr ho kom. Daa Fanny var inne att, tok hennar
Mor au til aa grine. Kva tru det er du flyg etter i
Kveld? Ein skulde tru du hadde Eld i Enden; du
kann kje sitja still ein Minutt. Tykkjer du Kjolen din
er for fin kanskje; er det den du endeleg skal ha av
deg att? Aa ja; det er vel kje so nøgje; det er ho
Mor som skal skaffe att . . . Undrast paa, eg, naar
du fær Stundir til aa lesa paa Leksune dine?
Breve maatte ho vente med til Morgons. Ho hadde
fyrst tenkt at ho vilde halde seg vak til ho Mor sovna,
og so kveikje Ljos og lesa Breve daa. Men ho sovna
fyri Mor si. Det mjuke, varme Handtake til William
kjende ho enno i Handi si; ho var sæl og glad og
visste av inginting, fyrr ho vart vekt um Morgonen og
skulde paa Skulen.
Paa Vegen dit, inne i ein Port, las ho Breve. Det
var framifraa hyggjelegt.
Han var det sælaste Menneskje paa Jordi, skreiv
han. Det einaste Ynskje han hadde var aa kunna
koma saman med henne, Hjartedronningi si, so snart
som det berre var Raad. Men difor vilde han kje
lenger vera ute og leike um Eftan; han vilde lesa og
arbeide; Dag og Natt vilde han arbeide, so han kunde
bli dugeleg flink og koma rett fort i Veg; elles vart
det so fælskeleg lengi aa vente. Det var honom ei
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>