Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
1 12 HJAA HO MOR
stor Sorg at han ikkje kunde vera i Lag med henne
og vera Kavaler for henne so mykje som han burde
og vilde; men ho maatte tenkje paa kvi han gjorde
det so, og halde ved med Kjærleiken sin. For han
arbeidde berre for henne; og daa var det hugsamt aa
arbeide. Og so snart som han var utlærd, skulde dei
trulova seg og gifte seg og vera saman all Tidi, og
han skulde bera ho paa sine Armar heile sitt Liv.
Ja det var eit hyggjelegt Brev. Aa, det var overlag
vent av han, at han tok det so aalvorsamt. Det var
det ho alitid hadde visst, at han var ein ærleg Gut.
Det var greidt at ho berre vilde halde meir av han
no etter dette. Tenk, so fagert: at han sat og arbeidde
Dag og Natt for hennar Skuld, for aa koma ihop med
henne . . . Det vart alltid noko lengi; ho hadde tenkt
at dei var trulova alt no, ho, og at dei strakst skulde
taka til aa vera Kjærastar. Det hadde nok vorti fælt
so leidt i Fyrstningi; uff! tenk, kysse ein Gut; men
dersom det hadde vori Tiltak i han —; uff; han var
i Grunnen plent som ei Gjente. Kvi kunde han ikkje
ha kyst henne i Gaarkveld i Portrome, so myrkt som
der var . . . men fy; det var mykje venare av han at
han ikkje gjorde det. Han var ein gjæv Gut; han var
riddarleg. Gud, so styveleg som ho hadde vori, som
trudde at dei kunde trulova seg no, med’ dei gjekk
paa Skulen; ish, ho var ikkje likare enn Emilie . . .
Og tenk! so fagert som det vilde vera aa gaa og elske
kvarandre og tenkje paa kvarandre i mange Aar, og
vera hugfast og trufast. So kom den eine Friaren
gildare enn den andre, den eine rikare og finare enn
den andre; men nei fekk dei ein etter ein. Folk tok
til aa tala um denne byrge Gjenta som sagde Nei til
so gode Tilbod; men sistpaa kom det upp: ho gjekk
og var trufast mot sin fyrste Kjærleik. —
— Uff; han kunde no gjerne ha kysst henne ein
Gong fyrst likevel!
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>