- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
113

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR

1 113

XI.

Fru Holmsen hadde vorti Enkje for Aalvor. Ein
skoddefull Morgon i Marts hadde dei funni Holmsen
utanfor Palæbryggja stiv og daud, med dei stygge ljose
Augo vidt uppspilte.

Fraa Elmerud vart det meldt ved Telegram, at
Holmsen var umkomin ved eit Uhende. Men Bror Nils
hadde sine eigne Tankar um den Ting; og han fortalde
Fru Holmsen kva han tenkte.

Det hadde vori laakt med Holmsen i seinare Tid.
Han hadde livt hjaa Jomfru Aaberg som . . . noksagt;
men av og til vart han vel altfor leid; og so drog han
til Byen og rangla. Det var slik ei Rangle-Rid han
hadde havt no au. Og denne Gongen hadde det vori
reint gali med han. Han hadde beintfram havt
Deliriums-Ridir, etter som Ølhandler Simonsen i Vaterland kunde
fortelja. Heile Tidi hadde han masa med det at han
vilde gjera Ende paa seg. Eg vil gaa til Helvite! hadde
han sagt; laana mig ein Kniv, Simonsen! — Kors i
Jesu Navn; Kors i Jesu Navn . . . Reint som i
Ørska hadde han rasa; Tvi! Tvi! Rottur og Mus,
Lop-pur og Lus; no hev eg freista Verdi baade upp og ned;
berre Skit, berre Skit; laana meg ein Kniv; laana meg
ein Kniv ; er du min Ven, Simonsen? — Aa Gud fri
oss; Gud fri oss! — Simonsen hadde havt Augo med
han heile Tidi; men so hadde det besna paa att.
Pengane traut; han fekk ikkje meir aa drikke og vart ædrug
og skipeleg. Eg fær sjaa til aa koma heim no, hadde
han sagt. Men so med eitt var han komen or Syne.
Klokka fem um Eftan hadde dei set han siste Gongen.
Gud veit kvar han sidan kunde ha vanka; men
Morgonen etter vart han funnin ved Palæbryggja. Daa
hadde Klokka hans stana paa aatte Minuttar yvi eitt.

Onkel Solum hadde og den Trui, at han hadde drepi
seg. Mor grét. Stakkars Mann, sagde ho; tenk, so
god og snild han var i Grunnen! Berre han ikkje hadde

8 — Garborg. II.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0119.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free