Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
114
HJAA HO MOR
havt dette stive Sinn! — Han var alin upp i ein laak
Heim, sagde Onkel Solum. Ho Mor grét endaa meir.
Aa Gud, for eit Andsvar med desse Borni! Onkel
Solum tagde. Det rolege feite Andlite hans var fælande
aalvorsamt.
Fanny fælte so ho torde ikkje vera aaleine; den
daude Mannen med dei uppspilte Augo var etter henne
all Stad. Um Nætane drøymde ho, so ho Mor laut
vekkje henne. Ho totte ho saag Far sin Lik; han
gjekk med stive Faktir i eit myrkt Rom og banna.
Eller ho høyrde han stynja fælt inn-i ein gloheit Bakaromn.
Ein Dag kom det ein Pakke til Fanny fraa Elmerud.
Samstundes fekk ho eit Brev; det var fraa Tom og
lydde soleis:
Kjære Fanny.
Det er ei syrgjeleg Tid for oss no, kjære Syster, daa
me paa ein Gong so braadt hev mist vaar kjære Far,
som me var so glade i, og som var so god imot oss, og
no stend me hjelpelause og uppgjevne og hev ingin utan
Gud og godt Folk aa ty oss til. Han hugsa paa deg
og i den siste Tidi; kanskje det sveiv for han, at Dagane
hans snart var ute. For han skreiv nokre Ord til deg
med Blyant, som me no ikkje kann finne att, og
han vilde sendt deg nokre Pengar, som me hev kjøpt
eit svart Kjolety for og sender deg; du maa vera svært
var med han, kjære Fanny, for du maa tenkje paa, at
det er det siste du fær av Far din. Me hev rlvi
Stakkebreiddine til, so du skulde faa han stor; du maa
slett-ikkje skraa han; for naar du skal snu han, so hev
du ingin Nytte av han. Legg han ned ovanmed, soleis
at du kann faa han sidare, naar det tarvst. Live maa
du gjera stort; for du hev Ty nok. Me ynsker ikkje
at det skal vera nokon Stas paa han; men berre tvo
pene breide Endar bak; men framfor alt stor, so du
kann ha Nytte av han. Foor og Sysaker fylgjer med,
likeeins 1 Mark til Skoning. Eg skal seinare skrive
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>