- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
115

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR

1 115

meir til deg um Fraafalle hans Far; men no er eg so
fortumla at eg ikkje kann. Lea fekk Krampe, daa ho
høyrde det. Far vert gravlagd den 20de denne
Maana-den her ute. Helsa ho Mor. No maa eg slutte for
denne Gongen med ei kjærleg Helsing fraa din
sorgfulle Bror

Tom Holmsen.

Fraafalle er meldt Mor ved Telegram.

Ho Mor frøste av Harm. Nett som eg ikkje skulde
vera til! sagde ho. Jomfru Aaberg trur vel ikkje eg kann
sy ein Kjole dessmeir! — Men Kjoletye kom vel med,
kor som var.

— Dei flutte den Vaaren. Myrkre og Matlugti i
dei gamle Romi var ikkje herdande lenger, sagde ho
Mor.

Men stødt skulde dei bu i Utkantane. Det nye
Hus-være laag øvst paa Hægdehaugen, ovanfor Uranienborg.
Det var heiltupp paa Lande; Uranienborg med
Furuskogen sin gjorde at dei ikkje kunde so mykje som
sjaa Kristiania.

Der var vent og fredelegt. Det vesle einhøge
Trehuse laag gøymt i ein Hage. Derifraa gjekk ei
Utan-paa-Tropp beint upp til Kvistromi, der dei budde;
so turvte dei äldri bry nokon.

Det var tvo smaae Rom og ein Kove. 1 det minste
Rome var det Kokeomn; det skulde daa vera Kjøk.
Det største, som var avlangt med Glase i den eine
Tverveggen, vart Daglegstogu, Arbeidsrom, Soverom
og Matrom.

Her sette dei Sengi og Syborde og Komoden, og so
dei tri Pinnestolane. Veggen yvi Komoden vart prydd
med Fotografi, derimillom eit, som til dessa hadde legi
gøymt: Far og Mor fraa Trulovingstidi. Komoden sjølv
vart pynta upp med ymist smaatt: det gamle
Postelins-Skrivestelle hans Far; eit uheilt Likørstell fraa
Fred-heimstidi; ei stor, forgyldt Eau-de-Cologneflaske; Dokke-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0121.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free