- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
116

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

116

HJAA HO MOR

Testelle til Fanny; eit Hyrdingbilæte av Gips, Gaave
fraa Onkel Solum. Dette vart alt sklpa upp kringum
den gamle fine Pyntespegilen og tok seg godt ut. Eit
Par Stadir der Veggine gapte altfor tomt vart det
upp-hengt eit Lithografi og ei gamal Avismappe. Til Slutt
var det berre Golve som var noko tomt; dei tri
Pinnestolane fyllte ikkje noko vidare. Dersom du no kunde
koma med den Ruggestolen du vilde gjeva meg ein
Gong, Fanny! ynskte ho Mor. Men det kom seg, daa
ho fekk laane den gamle Sofaen av Onkel Nils; han
var slitin og stygg, Sofaen, men gjorde god Mun
likevel. Og no vart det reint gildt her. Ho Mor ynskte
berre at ho kunde faa slaa seg til Ro; eg er gamal
nok til det, sagde ho. Og no hev eg kje gjort anna enn
flutt, sidan eg reiste fraa Fredheim! —

Fanny lika ikkje at ho var komi so langt burt ifraa
William. Tenk; dei som fyrr hadde butt under same
Tak; no laag det ein heil Hovudstad imillom deim.
Men ho hadde daa Brevi hans. Aa, so vent som han
skreiv. Mi fagre Møy; min blaaøygde Engel; eg er
æveleg din; aldri kann eg gløyme deg; du hev mitt
Hjarta, og ingin annan skal faa det; nei ikkje um det
var ei Prinsesse; — den søte Guten. Og so fekk ho
kvar Dag sjaa han, naar ho var i Skulen; helst i
Fristundine; Hovude hans stakk seg upp yvi Plankegjerde
rett som det var. Ho hadde og den Trøysti, at den
sanne Kjærleiken ikkje vert sløkt men styrkt ved
Aat-skiljing; det hadde ho lesi baade her og der.

Ho Mor hadde mange aa sy aat her upp-etter, Venir,
som ho kalla deim; ho var ikkje nokor vanleg Sydame.
Süme av desse Venine var fælt fine; Assessorfrua
kunde jamvel hente henne med Hest. Fanny fekk i
den nye Kjolen sin av og til fylgje henne Mor i dei
fine Husi. So fekk ho og Kjenningar. Grete
Magne-sen allvisst vart ho Godvenir med; Grete vilde og
til Teatre.

Snart var Grete og Fanny i Lag kvar Dag. Fanny

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0122.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free