- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
118

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

118

HJAA HO MOR

Og Torvald og Henrik er likso gjæve som Riddarane
var, meinte Grete. Ja; berre dei hadde Rustning,
medgav Fanny. Og tenk, um dei hadde Rustning og
Gangarar og Smaasveinar; so kunde me vera dei ædle
Jomfruir; aa tenk, um me budde paa ei Riddarborg og
hadde ein fælt streng Far; so kom dei ridande paa
fjoruge Folar med Lansur og Spjot og Væpnarar og
Smaasveinar; og dersom Far daa ikkje vilde lata deim
faa oss, so storma dei Borgi og hervann ho og
burt-førde oss . . . — Du maa ikkje tala um Burtføring,
Fanny. — Kvi daa? — Det er ikkje samelegt. — Jaso?
— Nei. Grete saag fælande fin ut; Fanny torde ikkje
spyrja meir. Uff; stundom var Grete so fin at det
mest vart keidsamt.

Og det var ikkje berre Moro aa hava fine Kjenningar;
Fanny hadde so mykje aa vera rædd for. Uff, berre
ho skulde staa til, at ho gjekk paa Aalmugeskulen; ho
sagde nok Betalingsklassa i Aalmugeskulen, men det
hjelpte ikkje rett likevel; Aalmugeskule var Aalmugeskule.
Det tok til aa bli leidt aa gaa i Byen i den stygge
graae Kjolen og no. Tenk, um ho raaka nokon! —
Av og til sende Mor henne ut i Ærend; ho maatte
gaa med Korgi paa Armen som ei onnor Tenestgjente,
og draga paa Petroleumsflaskur og Hushaldsbrød; uff,
tenk um Kadett Horn fekk sjaa henne daa; ho kom
til aa uvita; det var ho stød paa. Men det fælaste var,
naar ho skulde paa Politistasjonen.

Daa gjekk ho med Graaten i Halsen heile Tidi. Det
var ikkje til aa bera; ho vilde vera øydelagd, um nokon
fekk sjaa henne her. Ho drog seg fram gjenom alle
dei stillaste Gatur ho visste. Ved kvart Hyrna stana
ho og skygnde; saag ho noko som kunde vera ein
Kjenning, rømde ho.

Stasjonen laag i eit fælt Strok inn-i Piperviki. Paa
Troppi stod Konstablar; alt Slags Folk gjekk ut og inn;
fine Herrar au innimillom; Fanny torde kje sjaa upp;
med Hovude nedbøygt sette ho paa Sprang; her galdt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0124.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free