Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
125 HJAA HO MOR
det Live; alt anna fekk kvitte eitt. Inne paa Kantore
var det og Folk. Simpelt, fælt Folk; fillute, utsvelte
Ungar; gamle sinte Kjeringar; sjuke, øylagde Mennar,
kven veit: snart kunde det vera einkvar som kjende
henne att fraa Tøyengata. Og so kunde alt koma upp.
Og det vilde gaa som Eld i turt Gras gjenom heile
Betalingsklassa: Fanny er paa . . .; Fanny hev . . .;
ho torde kje tenkje Setningen til Endes.
Der var uhüglegt i dette audslege, fengselsmyrke
Rome. Desse Folki her gjorde henne rædd. Ho kjende
seg ufin og ufjelg millom deim; det var som ho var
dregi ned i eit Djuv der Sol ikkje kunde naa, millom
vonlaust, bannstøytt Kryp som aldri kunde naa upp i
Dagen. Ho torde kje sitja paa desse Benkine. Det
var som eit vondt Varsl aa kjenne seg i Lag med
dette Herke her; ho vart sjuk av aa sjaa paa deim
som dei sat der og krøkte seg ihop langs etter Veggine
og stunde av Vesalldöm.
Men ved den graagule Pulten der inne sat han med
Hornbrillune, han den vesle strygraae, nasekvasse
Fatig-forstandaren, streng som Vaarherre; han ropa upp Namni
paa dei utvalde, og skifte ut Gaavune sine nøgje og
nauvt, so at ingin skulde faa for mykje. Dei som
ikkje stod i Bøkane vart burtviste. Dei skulde gaa
hit eller dit, men ikkje koma her; her fekk dei kje
noko. Næste Gongen kom dei att; dei hadde inkje
fengi andre Stadir heller. Og dei tagg og bøna og
banna og grét; dei skildra Naudi si so ein fekk vondt
av aa høyre det; men Vaarherre var streng, og dei
vart burtviste paanytt; alltid burtviste. Eller han truga
med, at han skulde koma og granske etter deim lite.
Aa Gud, som her var fælslegt.
Med Fanny var det aldri noko Kluss; „Kristiansborg
. . . Refusjon," mulla han; og dei tri Dalane sine fekk
ho. Ho treiv deim og sprang som ho hadde stoli
deim. Ho visste kva Pengar det var no, — Tilskote
av Kassa til Uppfostringi hennar.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>