- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
120

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

120

HJAA HO MOR

I dei Tidine naar Onkel Solum var ute og reiste
maatte Fanny gaa til Pantelaanaren au rett som det
var. Det Kjensfolke ho Mor hadde her i Byen maatte
ikkje vita kor smaatt ho hadde det; kom ho daa i Beit,
laut Fanny springe med Gullure. Lét det seg gjera,
gjekk ho um Kvelden naar det var myrkt. Men ho
var ikkje trygg endaa. Inn-under ei Gasslykt kunde
det koma farande ein Kammerat —: nei kjære, er det
du daa? Kor skal du av? — Eg skal ... eg skal —;
Fanny vart eldende raud; eg skal til . . . Vaskarkona.
— Jaso. Kor bur ho daa? — Ho bur . . . paa . . .
Grønland. — Eg gjeng med. Kom, so gjeng me. Eg
skulde snakke med deg ... — Nei det er sant; du
kann ikkje vera med; eg skal innum ein annan Stad
°g eg- — Kvar er det daa? — Eg skal . . . innum
hjaa ... uff nei, eg hev kje Stundir; farvel! — Fanny
tok Flugti. —

— I Frimaanaden vart det stuslegt. Grete og hennar
Hus laag i Bad; Fru Holter og William var til Fjells;
Onkel Solum var i Sverig; og ho Mor var i Ulag.
Fanny dreiv rundt i Byen og saag paa Krambuine.
Um Kvelden, naar det vart svalt, gjekk ho stundom ut
Drammensvegen og vilde „uppliva Æventyr". Det
laut vera eitkvart rart ut-etter der, totte ho. Slike
Herreborgir som der var, dei kunde ikkje staa tome;
rike, gromme Folk maatte bu der; og der maatte vera
Festar og Lag og altslags gildt; og mangt løynt maatte
gaa for seg i dei angande Hagane. Kannhende raaka
ho ein ung, fin Herre som saag at ho var ven; so tok
han henne med seg til Lystgarden sin; lét henne lauge
seg i Rosevatn og klæde seg i Kniplingar og raud Silke;
daa synte det seg at ho var den venaste i Verdi; so
tok den fine Herren burt-paa ein Knapp; ei Løyndør
gjekk upp; og der stod William. Eller Torvald. Han
var naudfint klædd; og han var ikkje bljug, men kom
og tok henne i Armane sine. Og so sagde den fine
Herren: ja det var berre det eg vilde, at de skulde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0126.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free