- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
121

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

121 HJAA HO MOR



vera sæle. Han klappa med Hendane; det kom Tenarar
og Gjentur og duka upp eit drustelegt Bord; der var
Vin og Frugt og Kakur i Mengd; so gjekk dei sin
Veg; og han og ho vart etter aaleine. Og dei aat og
hadde det godt; sidan førde han henne burt-til Sofaen;
der sette dei seg; og so vart Ljose sløkt; so tok han
henne um Halsen og kysste henne . . .

Uff; alltid skulde ho tenkje paa slikt, naar ho gjekk
og dreiv. Det gjorde visst aldri Grete. Det var ikkje
fint. Ein skulde ikkje tenkje paa slikt; ikkje fyrr ein
vart trulova. Og ikkje daa heller skulde ein tenkje
paa det . . . Det var ikkje hugsamt aa gaa soleis
aaleine. Og so var det so utrygt; ho kunde ikkje slaa
seg til Ro. Ho torde kje setja seg paa Benkine
dessmeir; tenk um det var einkvar som ikkje lika det. Mest
alt som me hadde Hug paa var gali. Um William var
her og vilde kysse henne, so torde ho ikkje; det var
gali; det var ikkje rett . . . Uff, som me var i Tvang.
Men naar ein var framsloppi, so vart det likare. Daa
hadde ein ikkje so mange yvi seg daa; ein var vaksi
og kunde raa seg sjølv aa kalle. Men uff, so var det
Vaarh — hm; det var so vandt aa liva so at Vaarherre
kunde vera nøgd, ja. Hm. — Nei; det var ikkje
hugsamt aa gaa aaleine. Her var ikkje noko aa sjaa heller.
Desse Herreborgine saag heller tome ut. Eit Par Gongir
kom det Karar og tala til ho; men dei var ikkje som
ho hadde tenkt. Den eine Gongen vart ho rædd og
rømde. Fyren var so rar; han kunde gjerne vera ein
av dei Fælingane som Karoline fortalde um . . . Fanny
vart reint skjelvande. Det var noko paa Kvelden daa
ho kom heim; ho Mor var sinna. Det skulde sjaa ut!
sagde ho; du skal vel ikkje til aa renne ute um
Kveldane som ei Gatetaus? — Me fær vone at ingin hev
set deg av deim som kjenner oss. Uff; det er eit
Mas utan Ende med desse Borni. Du skulde no
liksom snart bli Folk, du no; men nei; hev du ikkje Mor
di i Hælane paa deg, so er du før til aa bera deg aat

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0127.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free