Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
122 HJAA HO MOR
som ei Slarvetaus. Du skulde skjemmast eit Grand.
So; ét no og legg deg og bed Vaarherre hjelpe deg! —
Fanny slutta med Kveldsferdine sine paa Drammensvegen.
Ein Dag ho gjekk og dreiv i Karl-Johansgata og
saag paa Krambuine, raaka ho Ingeborg og Anna. Dei
skulde paa Universitete og sjaa utstoppa Dyr. Fanny
slo Lag. Det var fælt til Moro. So mykje rart hadde
Fanny aldri set; og det gildaste var naar ho raaka
paa gamle Kjenningar fraa Naturhistoria. Det var ein
makalaust snild gamall Mann som fylgde deim rundt
og fortalde for deim; det var ein Professor, sagde
Ingeborg. Han visste fælt mykje; og daa dei skulde gaa,
bad han deim koma att. Dei gjekk fleire Gongir paa
Dyre-Samlingi. Og Professoren vart meir og meir
hugsam. Han lét deim sistpaa koma ind i Ser-Rome
sitt; der hadde han det alra-gildaste; og der forklaara
han for deim alt som kom Dyri ved, baade om
Skapnaden deira og Llvemaaten. Han lagde ut alt so vel,
at det vart heiltupp leidt sume Tidir; men det saag ut
til at han hadde Moro av aa gjera deim bljuge. Daa
han fortalde um Fuglane, korleis dei makar seg, var
han so løgleg at dei visste ikkje si arme Raad; dei
sprakk mest av Laatt, men var so skamfulle attaat, so
dei torde ikkje sjaa paa kvarandre. Ein Dag daa dei
gjekk ned fraa Samlingi møtte dei nokre Studentar,
som kalla deim „Smaakjærastane til Professor
Borchgrevink"; det totte dei var morosamt. Fanny gjekk heim
og fortalde det. Daa vart ho Mor aalvorsam. Du
skal ikkje gaa paa den Samlingi meir, sagde ho.
Kvifor det? spurde Fanny. Det er ikkje noko for
Smaagjentur, sagde Mor. Den Professor Borchgrevinch
er ein stygg Fyr. Uff; alltid skal du no vera der du
ikkje bør vera. Kanskje du hev set noko til fine
Smaagjentur der?
Næste Gongen sat Fanny heime. Men Gongen
deretter att vart Hugen for sterk. Ho lurde seg i Veg;
ho Mor turvte ikkje vita um det.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>